Svartfisk i fjorden

Tysdag i førre veke fekk Dagfinn Tafjord i Tafjord ein merkeleg fisk på garn. Veka før vart det fiska same fisken i Eidsdal, begge gjekk i garnet.

Slik såg svartfisken som gjekk i garnet i Tafjord, ut: 83 cm lang og 5,8 kg. Foto: Arnfinn Vike

Fisken som vart tatt i Tafjord, var 83 cm lang og vog 5, 8 kg, tatt på garn i Geitvika på om lag 12 meter.
– Eg stussa når eg så denne fisken, seier Dagfinn Tafjord. Ikkje så lenge han har hatt garn i sjøen, har han sett maken.

Manetar som hovudrett
Dei tok kontakt med akvariet i Ålesund og fekk vite det var ein svartfisk.
– Han trivst best i varmare strøk, lever langt under havflata og har manetar som hovudrett. Og han skal vere ein god matfisk. Det føler eg meg ikkje heilt overtydd om, så eg gav fisken til ein nabo, seier Dagfinn Tafjord.

Fisken i Eidsdal
Hagen Hänel i Eidsdal fekk også fisken på garn. Den var om lag 70 cm og 3 kg og blei tatt nær Eidsdal sentrum. Han leverte fisken til akvariet i Ålesund.
Ekspertane der seier dei ein sjelden gong får rapportar om slik fisk. Fisken er i slekt med havobboren og ser flott, men annleis ut.


23. april 2008
Alfred Nilsen