Tysdag i førre veke orienterte samfunnsplanleggjar Heidi Hansen og sivilarkitekt Oddhild Fausa planutvalet om arealplanarbeidet. Dei kjem frå Nordplan, firmaet som Norddal kommune har hyra inn for å ta seg av dette arbeidet.
Buffersone
Norddal kommunestyre vedtok ei rullering av arealplanen 25. juni 2007.
Heidi Hansen sa at arbeidet har vore ein omfattande prosess. Høyringsdokumenta inneheld ein planomtale, tilhøyrande bestemmelsar og retningsliner, kart, vurdering av merknader og merknadene i original.
Ho opna med å snakke om kulturlandskapsområde og verdsarvområde.
De ligg i ein buffersone til verdsarvområdet og skal vere merksame med alle tiltak som kan gje effekt til verdsarvområdet og kome i konflikt med det å ta vare på landskapet, som til dømes Raudbergvika. De må vere forsiktige med å leggje ting inntil bufferområdet, til dømes ei kraftline gjennom Herdalen.
Masseuttak
Nordplan viste til sandtaket i Moa som ei svært synleg verksemd som krev tiltak rundt, terrengbehandling, tiltak mot støv og støy og driftsplanar. Sandtaket bør ha ein plan for etappevis avslutting og gjenbruk av areal, særleg mot skulen og Olavsvegen der ein ikkje må kome for nær innpå. Dei må òg setje i verk tiltak mot utgliding, sa Heidi Hansen.
Ho tok òg fram masseuttaket Onilsafeltet i Tafjord.
Etter sterke tilrådingar frå fylket har vi foreslått å omregulere feltet til naturområde. I dag er området regulert til masseuttak. Det er ikkje drift der i dag, noko som kan gjere det lettare å omregulere. Dette er absolutt eit tema for diskusjon, sa Heidi Hansen.
Campingplassar
I Norddal kommune er 20 campingplassar registrerte.
Camping er ei viktig næring, men det er viktig å ha grep om utviklinga av dei. Vi er ikkje ute etter å hengje ut nokon, men forklare problemstillingane. Byggjeaktiviteten er i ferd med å ta av. Vi har drista oss til å gå langt i bestemmelsane med utgangspunkt i retningsliner laga i Rogaland, sa Heidi Hansen innleiingsvis.
Nordplan meiner at kommunen bør ha ein rettleiar for campingplassane i tillegg til arealplanen.
Heving av terreng
I det nye framlegget skal det ikkje vere råd å heve terrenget med konstruksjonar som i Vika.
Vogna skal kunne fjernast på enkelt vis og trekkjast vekk av ein vanleg personbil. “Mobile homes” som er vanlege i USA og som må fraktast på trailerar, er òg på veg hit. Det er ikkje det ein ynskjer her, slik eg tolkar det. Vi legg til rette for småskalaverksemd med maksimum ein halv meter oppfylling av terrenget. Vi må ha ei medviten haldning til kva vi vil ha. Vi må tenkje estetikk, noko som òg er viktig i samband med Nasjonal turistveg, sa Heidi Hansen. Turistvegprosjektet blir revidert kvart femte år, og statusen kan bli trekt tilbake.
Oddhild Fausa sa at det ikkje er lov å ha konstruksjonar ståande i meir enn tre månader utan å søkje. På spørsmål frå salen sa ho at dette ikkje kan ha tilbakeverkande kraft, men at bygg må følgje plan- og bygningslova.
Dei to viste til òg campingplassen på Muri som arealkrevjande. Denne campingplassen har ingen spikartelt.
Viss det er ein tradisjonell campingplass, kan arealet bli gjort om til noko anna. Det er verre med permanente installasjonar.
Dei meiner òg at kommunen bør skilje mellom camping og hytter, og vite kva ein vil ha. Brannkrav er òg viktig.
Campingplasseigarane kan få problem med geskjeftige campingfolk i arbeid. Dei må ha ein leigekontrakt. Når leigekontrakten er ute, kan eigarane velje å forlenge henne med nye vilkår. Det er òg ein måte å møte problemstillinga på.
Småhytter passé
I takt med den aukande velstanden aukar òg krava til hytter. Småhytter er passé. No vil mange ha veg, garasje og internett. Konklusjonen er at det blir vanskeleg å skilje mellom heilårs- og fritidsbustad fordi dei har same standard. Kan hende er det ikkje noko poeng å skilje, men ein må vurdere hyttefeltet utifrå kvar det ligg. Feriehusvære i sentrum må ha ei anna utforming enn dei som ligg på fjellet.
Nordplan har òg valt å vere strenge når det gjeld hyttebygging i bratt terreng. Dei legg opp til berre ein meter fylling for hytter.
Viss vi ikkje tilpassar hyttene til terrenget, forsvinn terrenget. Då kan ein få ei gettokjensle, at hyttene blir større og større.
To hyttestorleikar
Utkastet inneheld to alternativ til hyttestorleik. Å byggje 80 kvadratmeter over to høgder eller maksimum 200 kvadratmeter. Minstestorleiken på tomter er sett til 1000 kvadratmeter der berre 15 prosent kan byggjast på. Storleiken på uthus eller garasje er sett til maksimum 20 kvardatmeter.
Nordplan er òg oppteken av materialval og terrengbehandling.
Å ta vare på terrenget og ikkje byggje for tett er viktig for opplevinga, særleg i ein kommune der naturen er viktig. No har de eit godt høve til å leggje gode føringar. Presset kjem til å bli stort etter kvart.
Viktor Valdal peika på at kommunen alt har ei hyttemelding.
Vi såg hyttemeldinga, men ho er rund i formuleringane, sa Heidi Hansen.
Eg synest personleg at krava blir store både for campingplassar og hyttefelt når det gjeld bratt areal. Vi er få folk og vil at fritidsbustadene skal brukast mest mogleg. Vi må sjå på det i forhold til kor strenge vi skal vere, sa Viktor Valdal.
Problemet er når ting kjem ut av kontroll, sa Oddhild Fausa.
Ho meiner at kommunen bør gje eit signal om at han tek naturen alvorleg, men at ein kan gje dispensasjon i spesialtilfelle.
Tillèt de dei store hyttene, er det verre å hente seg inn att seinare. Igjen er spørsmålet: Kva signal vil de gje utvover?
Heidi Hansen peika på ei løysing som kan vere å bryte opp i fleire mindre einingar.
Seks delplanar
Oddhild Fausa tok for seg dei fem delplanane for bygdene i tillegg til den ekstra delplanen for Lingestranda. Nordplan har gjennomført analysar og arealvurderingar av av kvart bygdesentrum. Dei viser òg kor høgt ei flodbølgje vil gå etter dei målingane som er kjende i dag.
I delplanen for Lingestranda har dei lagt inn gangveg frå Muri til Linge ferjekai.
Vi har mange private merknader for Linge og mange innspel om hytteområde. Stigningsforholdet som er ein styrande faktor oss, viser at terrenget er for bratt mange stader. Konklusjonen vår er at det ikkje er mykje byggje-areal. Strandsona er svært pressa, og vi tilrår ikkje meir bygging der.
Arealdelen til kommuneplanen blir truleg lagt ut til høyring i juni.
|
|
|