Mange på sykkeltur

I nydeleg vårvêr, om enn med ein liten motvind på veg fram mot Mo, gjekk sykkeltrimmen i regi av allidrettsgruppa i Stordal IL av stabelen 1. mai.

07. mai 2008
John Kristian Hjelle

Klar til returen heimetter dalen. Frå venstre Espen Vad, Kjetil Tøsse og Andreas Øie.

I år var det om lag 260 registrerte deltakarar som hadde funne fram sykkelen og la bak seg strekninga mellom Stordal skule og bedehuset på Mo. På Mo var det som vanleg sal av kaffi og sveler, og med gratis saft til dei som ville ha det.
For ikkje å gløyme den populære tombolaen. I år var det tillaga 5500 lodd og det var nok ikkje eit einaste lodd att i bøttene etter at folk hadde funne vegen heim att.
Det har vorte ein tradisjon at det vert trekt ein vinnar av ein sykkel mellom deltakarane, men i anledning idrettslaget sitt 90-årsjubileum var det i år to syklar som vart trekte ut. Dei heldige vinnarane var Karl Løset og Simen Tøsse. Det vart også trekt ei rekkje mindre gevinstar gjevne av ulike sponsorar.