Oppgradering og utvikling

Paktarstova i Norddal er blitt ei stifting med eit styre og ein plan for fram tida. I desse dagar er restaureringsarbeidet i full gang og heile plassen skal få ei oppgradering. Ingvild Hansen Nystad er tilsett som prosjektleiar i 30 prosent stilling i eit år.

14. mai 2008
Alfred Nilsen

Paktarstova i Norddal får mellom anna nytt tak og kanskje får den fremste veggen eit betre ytre.

Oppe på Prestegarden i Norddal er paktarstova i ferd med å få nytt tak, fleire ting skal også gjerast så langt pengane rekk. Rett innanfor døra blir det gjort plass til eit toalett, noko som vil auke brukarvenlegheita til både huset og plassen.
Huset er freda så Christ Allan Sylte frå fylket kjem innom av og til og kontrollerer det arbeidet som Jan Kåre Eide utfører.

Forprosjektleiar
Ingvild Hansen Nystad er tilsett som prosjektleiar for forprosjektet. Det vil vare i eit år og ho skal legge
til rette og vere med og utvikle bruken av huset. Det er fylket og Norddal kommune som deler på utgiftene til denne stillinga.
– Her er det mange moglegheiter. Det er mange som kan vere med å samarbeide for å få Paktarstova i Norddal til å bli ein møteplass og ein stad der gode idear kan utvikle seg, seier ho. – Paktarstova er ein idyllisk og fredeleg plass der natur og kultur har sin sjølvsagte plass, så det er mange møte og arrangement som haldast her, legg ho til.
Då Norddal kommune kjøpte Paktarstova og løa var det tenkt brukt til museumsføremål. No skal det arbeidast vidare med den tanken også, samstundes som det skal utviklast nye bruksområde.

I tida
No når området er blitt eit verdsarvområdet og fokus på kulturlanskap og naturbasert næring vert snakka om og peikt på som ei fornuftig satsing framover, er Paktarstova ein naturleg plass der slikt kan skje. Informasjon til reisande og kunnskap om plassen, bygda og området kan samlast her.
Dei som er med i styret representerer organiasjonane Norsk seterkultur, The happy End, kommunen og kyrkja. I tillegg er det tenkt at ein kan samarbeide med andre organisasjonar det fell naturleg å tenkje på.
– Skulen er eit satsingsområde når det gjeld unge entreprenørar som kan vere med å skape næring av det som bygda og naturen har å by på. Severinbrauta i Eidsdal er ein plass det er lett å drage parallellar til, seier Ingvild Hansen Nystad, som gler seg til å kome skikkeleg i gang med arbeidet.
– I ei 30 prosent stilling har ein ikkje all verda med tid å bruke, så ein vert på heiltid kan eg ikkje vere, legg ho til.