Storvasshytta vart sett opp i 1923 av medlemmer frå idrettslaget og ungdomslaget i Stordal. “Stordalens ungdom” stod som eigarar, og hytta var meint å vere eit tilbod for alle.
John Kjell Storheim fortel at vedlikehaldet opp gjennom åra berre har vore måteleg gjort med litt lapping her og der, men for fire-fem år sia tok ein ny gjeng for seg hytta og skifta bordkledning, isolerte, la nytt golv inne og måla naust, uthus og båtar.
Fleire sengeplassar
Hytta har to soverom med to køysenger og to sengeplassar i gangen.
For å sjå litt framover har vi hatt ein idé om å setje opp eit anneks eller ei avlastingshytte med inntil ni sengeplassar. Men det er med det som med alt anna: Vi har lite inntekt og det er økonomien det står i, seier styreleiaren som har skrive mange søknader både til kommunen, fylkeskommunen, bank, forsikringsselskap og andre.
Frå fylkeskommunen fekk vi null. I kommunen vart vi møtt med velvilje og framlegg om ein stønad på 30.000 kroner heilt til det kom til tildelinga. Dei vil ha oss over på tippemidlar, men eg har sagt det: Dét har vi aldri søkt om.
Grunnen til det er at Storvasshytta hyttelag ikkje er eit lag eller ein organisasjon slik som reglane krev. Alternativet er å gå saman med eit lag som kan søkje om tippemidlar, men det vil ikkje John Kjell Storheim.
Viss vi skulle gjere det, må vi til med endringar i vedtektene. Det er ei form for umyndiggjering av hyttelaget og verdiane som “Stordalens ungdom” eig. Eg har sagt at vi heller må ha is i magen. Å gå saman med eit anna lag er ikkje aktuelt så lenge eg har noko eg skulle ha sagt i styret. Vi vil ikkje gjere oss avhengige av nokon andre. Vi har vore eit frittståande lag i 85 år.
Støtte utanfrå
Å ha is i magen var ingen dum strategi. Søknaden til forsikringsselskapet resulterte i ei løyving på 70.000 kroner. I tillegg til eigenkapital på 30.000 kroner er annekset på 1213 kvardatmeter fullfinansiert.
Annekset vart berga i tolvte time. Der Stordal kommune svikta, fekk vi hjelp utanfrå. Gjensidige var viljug til å gje oss 70.000 kroner utan vilkår. Dei vil vi rette ein stor takk til. Det er fint at verksemder utanfor kommunen viser interesse for folk som har samfunnsengasjement. Eg set pris på at dei løner oss.
Løysing i vårløysinga
Arbeidet med å få annekset realisert i år starta straks styreleiaren fekk vite at finansieringa var i orden. Det var så vidt dei rakk å køyre fram material før elva opna seg. No er all material på plass, og John Kjell Storheim seier han garanterer at annekset skal kome opp i løpet av sommaren eller hausten. Bygginga skal sjølvsagt gjerast på dugnad.
Styreleiaren ynskjer å nemne namna på alle dei som var med på det tunge arbeidet med å laste opp all material, laste han om på trakkemaskin og snøcooter og laste han av til slutt: Svein Tore Busengdal, Tore Hallan, Erling Busengdal, Jan Eivind Dahl, Stig Busengdal, Jakob Øverbust og Per Kjell Holtleite som òg har teikna annekset.
Denne gjengen stod på. Det eine lasset vog 1 tonn, eit gyseleg arbeid. Utan dei hadde det ikkje vore råd å få fram det som trengst til bygginga, seier John Kjell Storheim og håper mange vil stille opp og på dugnaden når annekset skal byggjast.
Open for alle
Storvasshytta er open for alle, ikkje berre stordalingar. Hytta ligg i eit område som grensar til tre kommunar. Ikkje langt unna finst overgangar både til Valldal og Innfjorden og ei anna open hytte, “For fattig og rik”.
På Storvasshytta kan den som vil låne båtar og fiske på vatnet og hytta for å lage mat og overnatte. Om ein vil betale, er opp til den einskilde.
Hyttelaget har om lag 100 medlemmer som betalar 100 kroner i kontingent årleg. Dersom det blir fullt på hytta, må ikkje-medlemmer vike for medlemmer.
Vedtektene seier at det ikkje er lov å leige ut hytta til private foretak eller liknande. Auken i overnattingskapasitet er meint for ungdommar, spesielt skuleklassar eller andre grupper som er interresserte.
Vi driv ungdomsarbeid, sjølv om vi er blitt gamle og grå. Det er trass i alt snakk om etterkomarane våre. Det er ikkje for eigen del vi driv på, seier John Kjell Storheim.
|
|
|