Nasjonaldag i raudt, kvitt og grønt

Temperaturar under ti grader på føremiddag og regn om ettermiddagen la ein dempar på 17. maifeiringa i år.

Fleire bilete


21. mai 2008

I Liabygda fekk Ingrid Ringset og Stig Jøran Sæterøy æra av å gå fremst i 17. mai-toget, med perfekte kulissar for nasjonaldagen.

Veret var skapeleg då toget i Eidsdal starta klokka halv to. Marsjen gjekk opp til skulen der det var program og leikar. Dette var det tredje toget Eidsdal musikkorps gjekk i, eit korps som får mykje skryt for musikken sin. I år har det vert lagt ned ein stor innsats framme på Lidarheim, så når kvelden kom, var det arrangement der framme med kultur, underhaldning og med dans til gammaldansmusikk til slutt.

Geiranger
Allereie klokka halv elleve var toget klart til å starte på kaia i Geiranger. Eidsdal musikkorps hadde fått i seg litt mat på Union og var klar til innsats. Bunad, flagg, hurrarop og korps marsjerte bort til omsorgsbustadene og spelte for dei eldre før det heldt fram opp til kyrkja.
I Geiranger går også dagen som vanleg med anløp av hurtigrute og anna, så her inne har ein også publikum som nysgjerrig får med seg den norske nasjonaldagen utøvd avjårungarane.
På ungdomshuset var det som vanleg underhaldning, leikar, servering, kaffi og kake.

Norddal
Klokka tolv starta toget ved buda og då det nådde Dalhusbrua kom korpset og spelte føre ned til skulen. Der var det som vanleg leikar og konkurransar, mat inne og ute og fotballkamp.
Program og tale ved ordførar Bjørn Inge Ruset som òg talte i Eidsdal, vart gjort unna innandørs, medan regnet hadde starta ute.

Stordal
17.mai toget i Stordal gjekk frå sentrum og opp til Stordalstunet der det stoppa. Stordal skulekorps og Stordal hornmusikklag spelte og Tonika song. Vidare heldt toget som vanleg fram til endestasjonen Kyrkjehola, der det var meir song og musikk og tale for dagen. Årets 17. mai talar var Bjørg Moltu. Tradisjonen tru var det etter dette gudsteneste i Rosekyrkja.
Om ettermiddagen var det leikar, is, brus, kaffi og kaker og loddsal i Stordalshallen før familiekveld same stad med underhaldning av ulike kulturkrefter frå Stordal. Årets 17. mai-arrangør i Stordal var ”Nejaføringane”, medan Stordal Ungdomsklubb og Stordal Musikkverkstad arrangerte familiekvelden.

Dyrkorn
På Dyrkorn starta toget i år oppe i Kalvegjerdet og gjekk ned til gamleskulen. Der spelte Stordal skulekorps før Terje Hagevik heldt tale for dagen. Etterpå var det is, kaffi og kaker å få kjøpt inne på gamleskulen.

Liabygda
Løvetennene har for lengst teke oppstilling langs ruta der toget skal gå. Knallgule skapar dei kontrast til grøne marker og snøkledde fjell mot ein blå, skyflekka himmel.
Ein einsleg støyt i ei fløyte er signalet til einkvan langt oppe i lia. Drønnet av tre kanonskot sender to hestar på ein føremålslaus rundtur før dei forsiktig finn attende til utgangspunktet.
Trommeslagaren slår opp og sender Valldal hornmusikklag ut på det første oppdraget for dagen. Ingrid Ringset og Stig Jøran Sæterøy leier an med norske flagg, og bak korpset kjem festkledde born frå skule og barnehage.
– Dei er nokre sprintarar desse valldalingane, kjem det frå ein kar som saman med fleire har danna baktropp.
– Dei har vel mykje dei skal rekke, seier ein annan.
Toget går til omsorgsbustadene der nasjonalsongen blir spelt, før toget går attende til skulen.

Innandørs
17. maiprogrammet i Valldal opna med gudsteneste og kransenedlegging på gravene til dei falne under krigen. Toget la om ruta litt i år og tok ein runde frå rådhuset via gamlegata til VTS der det stoppa. Felleskorpset frå hornmusikken og skulekorpset spelte “Ja, vi elsker” og “Gammel jegermarsj”. Turen gjekk då som før til Muritunet, men utan at toget stoppa og spelte der som dei har gjort før.
– Her er tafjordtoget, ropar ein tafjording og viftar med det norske flagget. Bygda inst inne i fjorden hadde ingen 17. mai-arrangement i år.
På grunn av det kalde vêret og regnet som kom om ettermiddagen var resten av festprogrammet flytta til skulen. Der var det leikar og drilloppvising på skuleplassen, underhaldning og kafear.
Olav Magnus Linge heldt 17. maitale til stor applaus.
– Eit godt samfunn må skapast om att og om att kvar einaste dag, sa han.