Ryddar rundt grendeskulen

I Stordal har ein del unge på eige initiativ teke til å rydde rundt den gamle grendeskulen på Haggards-haugen i Røysetdalen.

28. mai 2008
John Kristian Hjelle

Inne på skulen har dei sett ut bord og stolar.

Då Storfjordnytt stakk innom fredag, var dei ivrige borna i full gang rundt skulebygget. Dei hadde då fått rydda vekk mykje busker og tre som hadde grodd fram på skuleplassen, og opna opp slik at ein kan ta skulen nærare i augesyn.
– Det er tredje gongen vi er her og ryddar no, fortel dei.
– Vi har tenkt å bruke skulen litt for å samlast no i sommar. Kva vi skal gjere her, veit vi ikkje heilt enno, men vi har sett ut bord og stolar inne så det går an å vere der, avsluttar dei ivrig før dei må jobbe vidare.
Karl Løset gjekk ut frå skulen i 1958. Han trur at skulen var i bruk i eit par år etterpå før han vart nedlagd. Han seier at bygget seinare har vore måla og vindauga kitta om att, men at det no er nokre år sidan det vart gjort noko vedlikehald der