| Reisa kom i stand etter eit samrøystes kommunestyrevedtak i tre punkt frå 28. februar i år. Der bad kommunestyret administrasjonen på fritt grunnlag greie ut venskapssamarbeid som arbeidsform etter erfaringar frå andre kommunar i fylket og med avklaring om føremål, omfang og potensial for ekstern finansiering. Styret vedtok å sende ein delegasjon for å støtte dei skisserte planane om eit rehabiliteringssenter der Muritunet er involvert. Samstundes sa vedtaket at kommunen er positiv til eit kloster, men at det er naturleg at eit vidare initiativ kjem frå den gresk-ortodokse kyrkja.
Påskefeiring
Delegasjonen som reiste til Hellas på vegner av Norddal kommune, var i tillegg til ordføraren sokneprest Morten Gravdal og Knut Slinning som representant for reiselivet. Espen Remme representerte Muritunet. Turen vart lagd til den gresk-ortodokse påskefeiringa siste helga i april.
Delegasjonen vart ynskt velkomen av Vasiliki Gemou Engesæth og mannen hennar, Leif Engesæth. Ho er forstandar i den gresk-ortodokse kyrkja her i landet og er barnelege på Ullevål. Ho har lenge vore ein kontaktperson for Norddal kommune, og var med og fungerte som tolk for det greske følgjet som kom til olsokfeiringa i fjor.
Bjørn Inge Ruset fortel at den gresk-ortodokse påskefeiringa er stor. Det er lange seremoniar med kyssing av kors, dynking med vievatn, tenning av kjertelys og mykje røykjelse.
Det er som 17. mai og julaftan på ein gong. Grekarar kjem heim frå utlandet til denne feiringa. Etter tredje runde med tretimars gudsteneste ståande trongt og med mykje røykjelse fekk vi vår dose gammalgresk. Ein blir trøytt. Som lutheranar heldt det, men det var interessant og fint, og vi vart godt mottekne.
Bispesete i Norddal
Før møtet med erkebiskop Ieronymus var delegasjonen på kulturutflukt til Delfi, ein arkeologisk funnstad og ein moderne by. I antikken var Delfi staden for det viktigaste oraklet til guden Apollon.
Bjørn Inge Ruset fortel at erkebiskop Ieronymus er på likestilt med patriarken i Konstantinopel.
Han er arkeologutdanna og ein smålåten kar. Den førre erkebiskopen hadde fine bilar og tryggingsvakter. Ieronymus bur heime hos broren og kona, blir køyrt rundt i minibuss og er lite oppteken av verdslege ting. Han gjorde eit godt inntrykk.
Sjåføren gjorde òg inntrykk.
Du kan skrive at vitjinga viste oss at sjåførane i den gresk ortodokse kyrkja hadde eit svært avslappa forhold til fartsgrenser og trafikkreglar.
Lokale produkt
Norddalsordføraren er oppteken av å ta med seg lokale produkt som gåver når han representerer kommunen. Erkebiskop Ieronymus fekk eit bispesete laga av Ingvild Hansen Nystad.
Eg tenkte på ein duk då eg kontakta henne.
Kva med eit bispesete, sa ho.
Ja, sa eg. Slikt blir ein hugsa for. Dessutan passa det bra fordi Ieronymus hadde knekt foten. No har du eit bispesete i Norddal som ikkje kjem i konflikt med den norske kyrkja, sa eg til han.
Bjørn Inge Ruset fortel at kontakten dei har med Hellas ligg på eit høgt nivå både når det gjeld avgjerdsmynde og økonomi.
Det er spanande, men vi spelar på ein arena der vi slit med å vere likestilte. Det er ikkje noko problem, men eg registrerer det. Vi har ein god tone, men det er ein annan kultur.
Dei gjer ting på andre måtar enn ein norsk kommunepolitikar.
Rehabiliteringssentret
Då dei greske gjestene var i Valldal i fjor, fekk dei omvising på Muritunet. Ordføraren trur at ideen om eit rehabiliteringssenter i Inofita oppstod der.
Offentleg helsestell er ikkje utvikla i takt med familiestrukturen i Hellas. Han er nesten som vår med små kjernefamiliar, men offentleg sektor har ikkje volum til å ta seg av eldre og sjuke born. Kyrkja er mektigare og rikare enn her i landet, og tek initiativ til å byggje institusjonar.
Bjørn Inge Ruset fortel at eit rehabiliteringssenter for trafikkskadde born er knytt til sjansen for å nå i eit næringsfond i EU/EØS, eit fond som Noreg yter pengar til.
Det er ein føresetnad at ein norsk aktør er med. Grekarane trur dei kan få 5,5 millionar euro frå fondsmidlane. Då nærmar dei seg fullfinansiering. Muritunet går ikkje inn i prosjektet økonomisk, men stiller med kompetanse på leiing, oppbygging og drift.
80 km frå Aten
Tomta som den gresk-ortodokse kyrkja stiller til disposisjon for eit rehabiliteringssenter, ligg i kommunen Inofita, 80 km frå Aten.
Kommunen har 14.000 innbyggjarar og Dilesi er næraste bygd.
Staden har om lag 65.000 feriegjester frå Aten som har bustader der. Kommunen er ein vekstkommune og har fått mykje av industrien som skal ut av hovudstaden, seier Bjørn Inge Ruset.
Etter å ha prata med Vasiliki Gemou Engesæth har han inntrykk av at den omfattande søknaden på 500 sider vart positivt motteken i Finansdepartementet.
Avgjerda blir teken i september/oktober. Finansieringa av institusjonen har eg tru på. Utfordringa blir driftsfinansieringa.
Klosterplanane
I Hellas gjorde Bjørn Inge Ruset greie for synspunkta til kommunestyret.
Kommunen er positiv til eit kloster og har lagt det inn i arealplanen. Vi kan vere med på å leggje forholda til rette, men vidare framdrift ligg til den gresk-ortodokse kyrkja. Det må òg ryddast opp i ein del andre turbulente forhold som har med tomten og naboar å gjere. Det må den gresk-ortodokse kyrkja stå for, meiner han.
Bjørn Inge Ruset seier at han er komfortabel med situasjonen, og at han kommuniserte desse synspunkta til Vasiliki Gemou Engesæth.
Klostersaka må handterast skikkeleg. Det har ho ikkje blitt tidlegare. Den gresk-ortodokse kyrkja driv ikkje med misjonering og tvingar seg ikkje på. Dei etablerer seg ikkje i Norddal kommune om dei ikkje er ynskte.
Han fortel at det er skapt gode relasjonar mellom grekarar og norddalingar.
Desse folka er glade i oss og vi vart tekne godt imot. Dei synest nok vi er litt eksotiske frå det høge nord.
Då ordføraren orienterte kommunestyret om turen 14. mai, opplyste han at dei hadde brukt om lag 22.000 kroner av turbudsjettet på 30.000 kroner.
|
|
|