Den politisk utnemnde nemnda som skal legge fram forslag til tiltak for å auke folketalet i Stordal kommune har hatt fleire møter. F.v. Frode Færøy frå I&M Kommunikasjon, ordførar Charles Tøsse, rådmann Leif Kirkebøe, Bjørn Johnny Græsmo, Hilde Dyrkorn, Palma Øvrebust. Ikkje alle i nemnda var til stades då biletet vart teke.
|
|
|
|
Ordførar Charles Tøsse i Stordal tykkjer folketalsutviklinga i kommunen no gir grunn til optimisme.
Det er veldig positivt at vi nærmar oss 1000 innbyggjarar att, og eg veit at det er fleire som vil flytte hit. Det gjeld både enkeltpersonar og barnefamiliar. Av desse er det mange som er i startfasen og som ønsker å leige seg husvære i første omgang. Dei fleste av bedriftene i kommunen har for tida behov for meir arbeidskraft, kan han fortelle.
Politisk nemnd
Ordføraren er med i ei politisk oppnemnd nemnd som skal komme med tilråding til formannskap og kommunestyre vedrørande tiltak for å auke folketalet i kommunen.
Charles Tøsse fortel at nemnda har vore i arbeid ei stund og kjem til å legge fram forslag i løpet av kort tid, men han vil ikkje røpe kva tilrådingar dei kjem med enno.
Vi som er med i denne arbeidsgruppa, har registrert at det står ein god del ledig husvære i kommunen, både av heile hus, leiligheiter og hyblar som i dag ikkje vert leigd ut. Vi vil gjerne oppmode folk om å leige ut, og gjerne ta kontakt med til dømes servicekontoret til kommunen og tilkjennegje at ein ønsker å leige ut, seier Tøsse.
Positivt for Stordal
Pr. 1. januar 2008 var det 979 innbyggjarar i Stordal. Dette er ein nedgang frå 1080 i 1981 og 1092 i 1998, men etter å ha analysert statistikk og utviklingstrekk trur analytikarane at Stordal vil ha ei positiv utvikling fram mot år 2030.
SSB legg opp prognosane vedrørande framskriven folkemengde i tre hovudalternativ: låg vekst, middels vekst og høg vekst. Framskriven folkemengde for Stordal med middels vekst betyr ein auke på 46 personar, til 1025 innbyggjarar.
Negativt
Framskriven folkemengde for Norddal er ikkje så positiv. Middels vekst her tilseier ein nedgang på 12,8 prosent, frå 1761 innbyggjarar i dag til 1535 i 2030.
Også for Stranda er det ved middels vekst forventa ein nedgang på 4,8 prosent, frå 4543 i dag til 4324 i 2030. Det er verdt å merke seg at ein i alle kommunane vil ha ein markert auke av eldre over 67 år i forhold til personar mellom 20 og 66 år. Statistikken syner ellers at Stordal kommune pr. 1. januar 2008 har flest utanlandske statsborgarar i høve til folketalet i fylket med 7,5 prosent
|
|
|