|
Storelva i Stordalsvassdraget er verna. Det er då begrensningar for kor stort det er lov til å byggje ut. Ein kan berre byggje ut inntil 1 megawatt (MW) i verna vassdrag. 1 MW gir til kjenne ytinga til maskina som produserer straumen. Det betyr at viss ein gongar det med normal driftstid som er om lag 4000 timar i året, er det snakk om 4-5 GWH (gigawatttimar) ein kan ta ut i løpet av eit år.
Stort potensial
Administrerande direktør i Tafjord Kraftproduksjon AS, Ole Bjørn Alvestad, seier at dei ser potensialet i elva til å vere langt større, så mykje som 60 GWH, og at dei difor vil søkje om fritak frå vernestatusen for å kunne nytte dette. Dette tilsvarar forbruket til om lag 4000 hushaldningar.
Det vil verte veldig lite synleg, og utbygginga vil verte skånsom naturmessig, seier Alvestad.
Det er stort behov for meir energi i området her, og vi kjem til å gå vidare med dette og søkje fordi vi har tru på at vi kan oppnå å få fritak, sjølv om det i utgangspunktet ikkje er noko enkel sak, seier han.
Positive grunneigarar
Harry Tøsse er grunneigar i området og med i ein komité nedsett av grunneigarane som skal førebu etableringa av eit grunneigarlag som skal stå for forhandlingane med Tafjord.
Tafjord hadde eit informasjonsmøte med oss grunneigarar der dei la fram tankane sine, og dei grunneigarane som var med på møtet var positive til planane, fortel han.
Det er snakk om eit inntak ved Langhaugbrua, der vatnet så vert ført ned til ein kraftstasjon som er tenkt plassert ovanfor Stavdalsfossane. På den måten kjem ikkje utbygginga i konflikt med laksefisket, som går opp til Stavdalsfossane. Dette vil gi eit fall på totalt 180 meter, kan han fortelje.
Ved at ein plasserer kraftstasjonen der får ein best mogleg utnytting utan å berøre laksefisket, og ein kan også føre vatnet inn frå både Stavåna og Talbergselva viss det vert aktuelt.
Vi har ambisjonar om å få etablert grunneigarlaget i løpet av sommaren, og få på plass ein avtale med Tafjord tidleg på hausten, fortel Tøsse, som er optimist med tanke på å få fritak frå vernestatusen.
|
|
|