Musikkfestival i solskinn

Det var den femte gongen Stian Omenås arrangerte Omenås Musikkfestival. Fredag og laurdag var restauranten og utescena på Fjellro fylt av musikk i alle sjangrar.

Sjå fleire bilete


11. juni 2008
Alfred Nilsen

Stian Omenås med sin kvartett spelte moderne jazz i restaurantlokalet på Fjellro som opningsnummer på Omenås Musikkfestival fredag.

Fredag starta det heile i restauranten på Fjellro med Around a Hill Quartet. Moderne jazz med Erik Nylander på trommer, Klaus Holm på saksofon og klarinett, Jo Berger Myre på bass og Stian Omenås på trompet. Ein solid konsert der publikum fylte opp lokalet bakanfrå og med nokre tomme rader fremst. Her kunne ein setje seg ned og vere med musikken opp på energiske parti og ned på dei lyriske bitane.

Variert
Det var eit flott vêr og folk koste seg i den flotte hagen på Fjellro. Bord, pub og utescene var på plass og folk koste seg i det fine vêret til neste musikkoppleving med Kjerstin Løvdal, sopran og Harald Kvasnes, gitar. Dei hadde barokkmusikk og samtidsmusikk på repertoaret.
Då var det tid for å ta i bruk utescena i hagen bak Fjellro. Jenny Hval er musikar og forfattar og presenterte sitt prosjekt ho kalla ”Rockettothesky”. Stemningsfulle poplåtar der ho sjølv spelte gitar og song medan Håvard Volden fylte ut og strekte musikken hennar med gitarar og andre lydeffektar.

Ola Kvernberg
Til slutt på fredagskvelden spelte Ola Kvernberg trio på utescena. Ein smilande opplagt felespelar frå Fræna saman med Steinar Raknes (bass) og Erik Nylander (trommer) i bandet drog i gang den eine låten etter den andre med stort trøkk og masse energi.
Ola Kvernberg er 27 år og bur i Trondheim, der han har gått fem år på musikkonservatoriet. Han prata litt med gamle spelemenn i Valldal og Martinius Hoel hugsar han og foreldra hass frå Romsdals Spelemannslag.
– Han var allereie den gongen litt av ein rakett, seier han.
Etter konserten i Valldal reiser trioen til Oslo før dei skal til New York og i det distriktet for å halde fleire konsertar.
– I juli blir det litt roleg, men frå august og fram til jul blir det speling heile tida, seier Ola Kvernberg, som har mange og spennande prosjekt på gang.

Lokalt
Laurdag var det kulturskulen i Norddal som fekk prøve seg, der mellom andre begge banda som for tida finst i kommunen, spelte. Battery og Walking Disaster utviklar seg stadig og ungdommene utviklar samspel og inspirasjon, heilt klart.
Inger Bakke hadde forestilling for borna. Det kunne klart vore fleire av dei til stades, men dei som var der hadde det riktig så kjekt.

Storband
Laurdagskvelden var Stian først ute igjen med ImproFestivalBand før Big Odd Band gjekk på utescena like etter. Eit ungt storband under leiing av Odd Fossum, ein kjend figur her inne, fekk det til å svinge og funke.
No var det ein god del publikum til stades bak i hagen og folk benka seg rundt borda. Jai Shankar kom på scena og forklarte kort kva han dreiv med før han sette i gang fingertuppane på dei indiske trommene. Stian Omenås kom seinare inn og dei spelte worldmusikk i lag.

Ute på byen
No var det laurdagskveld og om ikkje lenge kom Askil Holm på scena. Taxiane svinga innom og folk i Valldal var klare for ein tur på “byen”. Ein flott kveld denne kvelden også og stemninga var høg då Askil Holm med gitar kom på scena og starta og kommunisere med folket med songar dei kjende og ikkje.
Stian Omenås var godt nøgd med helgas musikkfestival og synest det fungerte veldig bra å arrangere festivalen saman med Fjellro.
– Både scene og lyd fungerte bra og folket kom innom og fekk musikalske opplevingar, seier han.
Vidar Hareide seier det var skremmande lite folk som for over fjorden og nytta seg av tilbodet med båtskyss.
– Ein person fredag og på laurdag køyrde eg ein over og to tilbake.