Eg har fått dilla og kjøper meir enn eg treng, men ein standard pakke med lommebleier for tre år er på 24 stykke. Det kostar 4.000 til 6000 kroner, og då er vask kvar tredje eller fjerde dag pluss vaskemiddel medrekna. Til samanlikning kostar eingangsbleier mellom ti og 15 tusen kroner avhengig av kva type du vel, seier Maria Eikrem.
Ho starta firmaet bleiebarna.no då ho gjekk heime med dottera Anna. Med ein mann som er sjømann og eit arbeid som grafisk formgjevar som gav mykje overtid, måtte ho finne ein annan leveveg etter at ho fekk barn.
Stadig vanlegare
No sit ho i stova til Lena Opskar Almstad i Fjørå. Dit er ho invitert på ”tøybleieparty” for å vise fram dei produkta ho sel på denne måten og frå nettbutikken.
Det er mitt første party, men eg har fått tilbakemeldingar frå fleire som er interesserte sia eg starta opp i mai, fortel ho.
Av dei fire mødrene i sofaen har halvparten vraka papirbleier til fordel for tøybleier for det yngste barnet. Ei av dei er Linda Gjerde Myren. Ho har alt gjort framlegg om at kommunen skal sponse nybakte mødrer og fedrar med tøybleier.
Tilskotet som andre kommunar gjev, varierer frå 300 til 1.500 kroner. Somme gjev ein kontantsum, andre dekkjer ein viss sum etter kvittering eller gjev ein startpakke i gåve.
Maria Eikrem stadfester at mange kommunar vil stimulere til tøybleiebruk. Kan hende ikkje så rart når eit bleiebarn legg etter seg 1,5 tonn søppel berre i brukte papirbleier.
Det tek mellom ti og 100 år å bryte ned plastikk for naturen, seier ho.
Betre enn før
Mange knyter tøybleier til brettebleier i kvitt bomullsstoff som krev ull eller plastbukser utanpå for ikkje å leke, men det har skjedd ei rivande utvikling.
Maria Eikrem fortel at dei nye tøybleiene har blitt svært populære i USA. Dei fleste tøybleievariantane som ho viser fram og sel frå butikken sin, har engelske namn.
Ho fortel om alt i eitt-bleia med borrelås. Ho finst i tre storleikar. Lommebleia har opning for innlegg i fleire storleikar alt etter kor mykje barnet gjer frå seg. Innlegga finst i materialar som bambus og hamp.
Det er kjempemjukt og godt, seier ho.
Rispapir
Bleia har fleire storleikar og kan regulerast etter som barnet veks.
Rispapir kan leggjast mellom enden og bleia for å spare bleia. Det er mjukt og godt. Sjekk med kommunen om avløpssystemet toler at ein hiv rispapiret i toalettet, oppmodar ho.
Kan rispapiret vaskast, undrar ei mor.
Ja, om barnet ikkje har bæsja i det, går det bra.
Mange nyttar lommebleier om dagen og formsydde bleier om natta.
Formsydde bleier krev eit vasstett lag av pullstoff eller ull. Eg sprayar ullbuksene på innsida med lanolin. Då held dei seg tette i fire-fem veker, seier Maria Eikrem.
Tøybind
Har de prøvt tøybind, vil Maria Eikrem vite.
Det er òg ein ting som mange trudde var gått inn i historien for godt. Ho påstår at stadig fleire tyr til tøybindet og at det er meir behageleg enn eingongsbinda av papir og plast.
Alternativ til våtserviettar finst òg. Ein terning blir oppløyst i varmt vatn, så har ein
vaskevatn i staden for våtserviettar.
Det er ikkje noko farlege stoff i han, forsikrar seljaren.
Vaskeposar
Posane som skitne bleier blir lagra i, kan hivast rett i vaskemaskina når dei er fulle. Flytande vaskemiddel er best for å unngå at bleiene blir harde.
Om ein berre treng 24 bleier til eit bleiebarn, er det mykje å bli freista av i butikken: posar i fine fargar og mønster til å frakte bleier og bind i, knallfarga ullbukser strikka av kvinner i Ecuador, stelleteppe som ein kan leggje på stellebord på offentlege stader og symjebleier. Er du nøktern, går det godt an å kjøpe brukte tøybleier og få eit endå lågare bleiebudsjett.
|
|
|