Opning av kulturbeitet |
|||||||||
![]() |
Med minioperaen “Prinsessa på Selja” opna Kyrkjehola Kulturbeite sesongen i Rosekyrkja søndag. | ||||||||
|
|||||||||
Dei sju jentene Mathilde vinje Øvrebust, Amalie Ekroll Hove, Helga Løset Skodjereite, Jenny Marita Sørås, Gunn Eli Hjelle, Julie Olsen Almås og Rebekka Helland frå Stordal var med på minioperaen. Her står dei saman med solistane Sara Eriksson og Magne Fremmerlid. |
|||||||||
| Før forestillinga starta opna leiar av fylkeskulturutvalet, Rigmor Andersen Eide, offisielt årets Kyrkjehola Kulturbeite. Ho skrytte av årets program, og sa at det var ei ære å og ei glede å stå for opninga. De har her gjennom ni år lykkast i å etablere ein kulturarena, som både er nyskapande, prega av utframføringar og som bind saman fortid og notid. Eg sit i styret for Molde jazzfestival, og der jubla vi stort då vi fekk Marilyn Mazur på programmet. Så ser vi i programmet for Kyrkjehola Kulturbeite at ho også skal opptre i Rosekyrkja i Stordal. Stordalingane bør vere stolte over det visjonære og modige styret for Kyrkjehola Kulturbeite som torer å tenke stort, og som får til ein kulturfest som varer heile sommaren. Ho sa at kulturbeitet har vorte eit regionalt kulturprosjekt som berre veks og veks. Odd Johan Overøye har sett sitt kvalitetsstempel på det som har skjedd her på Kyrkjehola Kulturbeite gjennom desse åra, og i dag får vi høyre hans eigen musikk. Hald på det eksklusive og intime, bli verande her, og lykke til med årets kulturbeite. Eg ser fram til mange fine sommaropplevingar, avslutta ho. Støtta av kulturrådet St Sunniva Strålande bra |
|||||||||