Bra opningshelg i Stordalselva

Styret i stordal elve-eigarlag melder at fisket i Stordalelva dei første dagane av sesongen har vore godt.

25. juni 2008
John Kristian Hjelle

Elveeigarlaget er spesielt nøgd med at pjakken er tilbake i Stordalselva.

I ein førebels fangsrapport kan dei melde om at det dei fire første dagane, fredag til måndag, er teke totalt 17 laks og ti pjakk, basert på rapportar frå sonene Hove, Vinje og Øvrebust.

8,9 kg
Den største hadde ei vekt på 8,9 kg, kan Stordal Elveeigarlag melde.
Første dagen vart det teke fem laks og to pjakk på den nedste sona og to laks og to pjakk på Øvrebust. I tillegg er det meldt om to laks tekne lenger framme i elva. Laurdag til måndag vart det vidare teke åtte laks og seks pjakk på dei tre nemnde sonene. Desse sonene ligg langt nede i elva og alle fiskane var nylig gått opp i elva og hadde “normal” mengd med lus på.

Meir i sikte
Jarle Hove frå Stordal elveeigarlag fortel at dei har prata med fiskarar tysdag som seier at dei både har sett og vore borti fisk, men at den er vanskeleg å få fast. Han fortel vidare at dei kjem til å oppdatere fangst og annan relevant informasjon utover i sesongen på elveeigarlaget si nettside.
Han meiner at det kanskje er litt tidleg i sesongen for å kunne komme med ein prognose, men han tykkjer det ser lovande ut. Det er tydeleg at det er eit jamt innsig med laks til elva, og det mest gledelege er at pjakken ser ut til å komme inn som normalt.