Det er Nordplan AS som er leigd inn for å gjere planarbeidet, sidan Norddal kommune framleis manglar kommuneplanleggjar. Dei har levert eit grundig arbeid med kart og delplanar for alle bygder og Lingestranda, oversyn over merknader og kommentarar til desse.
Viktig for framtida
Rådmann Stig Holmstrøm sa at han er glad for at arealplanen er utarbeidd og klar for handsaming. Han sa seg òg godt nøgd med tenesteleverandøren.
Det er eit svært arbeid å gjennomføre, og kommunen var i den uheldige situasjon å misse kommuneplanleggjaren då arbeidet starta opp. På ein måte er det fornuftig å setje ut denne typen arbeid, så friske auge får sjå på Norddal kommune. Planen er retningsgjevande saman med samfunnsdelen av kommuneplanen, og ligg i botn for korleis kommunen skal utvikle seg framover. Difor er det eit uhyre viktig dokument som skal handsamast, sa han.
Samd eller usamd
Samfunnsplanleggjar Heidi Hansen frå Nordplan sa at det var bra å få planen ut på høyring, sidan mange truleg ventar etter at planprogrammet vart annonsert i fjor på denne tida.
De kan vere samde eller usamde i kor streng de vil vere med planbestemmelsane som er ei sterk innstramming i høve til før, både når det gjeld campingplassar og hyttebygging. Vi har òg gjort ei streng vurdering når det gjeld å leggje ut nytt areal. Vi har laga kriterium som vi meiner bør følgjast. Så blir det opp til politikarane å avgjere kva kriterium de vil velje for å handsame merknadene som kjem inn, sa ho.
Tilleggsvedtak
Medlemmene i Det faste utvalet for plansaker vart samde om ikkje å gå i detalj i planen. Eit problem som då ville dukke opp, er spørsmålet om gildskap for fleire av medlemmene.
Planutvalet gjorde tilleggsvedtak som blir lagt ved høyringsdokumentet. Viktor Valdal fekk fleirtal for framlegget som mellom anna sa følgjade: Dei foreslåtte vedtektene for langvarig plassering av campingvogner er for strenge når det gjeld storleik og utforming av spikartelt, platting og gjerde. Han fekk òg fleirtal for at dei foreslåtte vedtektene for hyttebygging er for strenge når det gjeld støttemur og fyllingar i terrenget og storleiken på hyttene. Eit samrøystes planutval gjekk inn for å tillate hyttefelt i brattare terreng enn det planen legg opp til.
Landbruk
Audun Skjervøy ville ha inn eit tilegg i punktet om spreidd bustadbygging som sa at det skal takast omsyn til og gjerast vurdering i forhold til landbruk og landbruksareal i tillegg til andre vurderingar. Framlegget fall mot fire røyster.
Heidi Toreli Sylte gjorde framlegg om å stryke setninga “Rekkverk er ikkje tillate” i punktet som gjeld plattingar framfor campingvogner. Det fekk ho med seg eit samrøytes planutval på.
Arealplanen blir lagd ut til offentleg ettersyn. Fristen for å kome med merknader er sett til 31. august 2008.
|
|
|