”Nye” stadion opna

Den 13. april i fjor sette maskinene i gang med å fjerne den gamle grasmatta på Kirkebø stadion. Fredag vart stadion i oppussa og renovert stand offisielt opna, med nylagt tartandekke og kunstgrasbane.

2. juli 2008
John Kristian Hjelle

Ordførar Charles Tøsse overrekte blomar til medlemmene av byggjenemnda. Frå venstre Bård Hove, Leif Rune Vinje, Stig Busengdal, Jan Are Remme og Vigdis Hove Øie.

Feiringa byrja med oppmarsj frå sentrum til stadion med Stordal hornmusikklag spelande fremst i toget. Deltakarar var kledde i fargane til laget, marsjerande langs ein flaggkransa riksveg.

Talar og godord
Vel framme på ein stadion klargjort for Stordalscup og fest var det talar og godord frå krinsleiarane Leon Aurdal frå fotballkrinsen og Olav Hansen frå friidrettskrinsen.
Leon Aurdal gratulerte Stordal og idrettslaget med eit fantastisk anlegg, som han kunne opplyse om er det første på Sunnmøre som er eit kombinert fotball- og friidrettsanlegg. Han sa elles at han ikkje kan forstå korleis folketalet i Stordal kan gå nedover når ein ser på situasjonen med idrettsanlegg i Stordal.
Olav Hansen gratulerte også og sa at han håper at anlegget
kan vere spiren til at det kan byrje å gro att i friidrettsmiljøet i Stordal og omkringliggande bygder.

Gammal snor
Leiar i byggjenemnda, Jan Are Remme, overrekte anlegget til kommunen ved ordførar Charles Tøsse som gav blomar til medlemmene av byggjenemnda og opna stadion offisielt ved å klippe over ei snor.
Ein liten kuriositet: snora i dette høvet var restane av bandet som vart nytta ved opninga av Stordalstunnelen for ti år sidan. Då det den gongen vart klipt av, hamna restane av bandet i barnevogna til Fredrik Øie, og vart med heim saman med vogna etter opninga. Ho vart no funnen fram att, og gjorde dermed nytte for seg endå ein gong.

– Vi lyfter i flokk
Leiar i Stordal IL, Vigdis Hove Øie, gratulerte alle stordalingar med at ein no kan feire at nok eit anlegg i kommunen har vorte ein realitet, og nytta høvet til å takke alle som har bidratt til at det kunne gjennomførast.
– No er det slutt på myrafotball, skitne klede, sure sokkar og skilt med at bana er stengt store delar av sesongen, sa ho.
Ho fortalde at dei begynte å setje av midlar frå overskotet frå Stordalscup til dette føremålet allereie i 2004.
– Dette er det største prosjektet Stordal IL har vore engasjert i i nyare tid. Med nesten 3000 dugnadstimar og over ein million kroner i gåver og bidrag er alle med og eig ein liten bit i dette flotte anlegget. Vi lyfter i flokk. Det er godt å bo i Stordal, sa ho mellom anna før ungane fekk is og songen ”Fotballfest i Stordal”, med tekst av Leif Dybdal og melodi av Odd Johan Overøye, vart framført av Maria Holand Tøsse og ei for anledninga samansett gruppe av musikarar frå mellom anna Mellifluous Lunacy.

Sprint og fotball
Etter den offisielle og høgtidelege delen av opninga var det sprintøvingar, der unge og vaksne fekk prøve ut tartandekket på løpebana.
Som ein del av opninga var det også oppvisningskamp mellom Sunnmøre Old Stars og Aafk Old Stars, med mange kjente namn for dei som har følgt med i lokal (og nasjonal) fotball nokre år. Denne kampen vart spelt etter A-lagskampen mellom Stordal og Mauseidvåg, og enda med 1-0 til Aafk Old Stars.