Vellukka kulturgyting

Kulturgytinga i Olagarden i Tafjord starta i år på ein torsdag og vart avslutta laurdag. Torsdag var det konsertar i kraftverks-museet, noko som var nytt for året.

7. august 2008
Alfred Nilsen

Åsa Børrefors og Mailn Kleiva i bandet Red April spelte i Olagarden laurdag.

– Vi var litt spente på korleis akustikken ville vere i Kraftverksmuseet, men det vart berre heilt flott, seier Tonje Tafjord.
Det var tre konsertar der torsdag med mellom anna Robert Post.
– Litt forunderleg var det at ikkje fleire hadde funne vegen dit, seier Malin Dalhberg som er takksam og glad for det fine samarbeidet dei har hatt med Tafjord Kraft.

Olagarden
Nokre av musikarane var der i fjor, medan andre var der for første gong.
I Olagarden i Tafjord fyllast lokala opp fort og det vert ei fin og intim stemning.
– Musikarane stortrivst og det er litt av meiniga også, seier Tonje Tafjord, at musikarar møtest og kan gje eit tilbod, litt annleis enn det som allerereie er her, til eit ungt publikum.

Overrasking
Malin Kleiva, med anar frå Eidsdal, var der laurdag med bandet Red April og som ei overrasking kom Aleksander Ribach og spelte fele mot slutten av programmet laurdag.
– Det har vore travelt, men det har vore veldig kjekt, seier Tonje og Malin, som no må puste ut og evaluere før dei startar å trenkje framover att.

Eit rom
Elida Brenna Linge hadde tatt for seg bilde og gjenstandar i Olagarden og brukte det som tema for sin kunst. På veggen i rommet hang eit stort familiebilete som var sett saman av om lag 500 a-4 ark med forskjellige gråtonar.
– Eit morosamt oppdrag med ei krevjande montering, smiler Elida Brenna Linge.
Teknikken som er Elida sin eigen, gav ein klar assosiasjon til eit typisk gammalt bilete som ingen veit noko om. Elles måtte ein vere til stades for å oppleve alle dei andre tinga som var utstilte der.
– Vi er godt nøgde med årets arrangement. Saman med det flotte vêret og alle dei kjekke folka har vi hatt flotte opplevingar her i Olagarden i Tafjord, avsluttar Tonje Tafjord.