Olsok med mykje liv og vaffelrøre

Det er sommarsol, yrande folkeliv, sport og kultur på Sylte hamn når langrennsgruppa i Valldal arrangerer Olsokfeiring for 19. gong på rad. Sportskommentator Espen Graff losar oss gjennom dagen.

7. august 2008
Anneli Rem

Vaffeldamene røper ikkje oppskrifta. Foto: Anneli Rem.

Allereie rundt påsketider tek førebuingane til for langrennsgruppa sine aktørar, for at olsokarrangementet skal vere klart om lag på same viset som tidlegare år. Då er komiteane klare til å setje i gang med innhenting av underhaldning, mat, sportsfolk, musikantar, gåvepremiar, tørkerull, isbitar og alt anna som skal til for å skape liv og røre den siste helga i juli.

Hektisk morgon
Det er etter kvart ein svært så røynd gjeng som dreg det heile i land. Sjølv om det er hektisk tidleg laurdag morgon, fell det meste på plass når startskotet for Jordbærdilten går. Då er vaffelrøra klar og grillane varme, ventande med godbitar for dei som ønskjer å setje av dagen på hamna i Valldal.
– Dette året vart det laga 180 liter vaffelrøre og 200 kilo rømmegraut, fortel Dagrun Rem og Monika Høydal i matkomiteen.
Eit uvisst tal på nakkekotelettar gjekk med saman med heimelaga potetsalat og grøn salat, kjærleg hakka og blanda seint kvelden før. Absolutt heilt nytt av året var servering av “smoothie” av frosne Valldalsjordbær med eige namn.

Jordbærdilten for alle
Om lag 300 deltok på jordbærdilten, som er eit sentrumsløp og ein fin mosjoneringsrunde alt ettersom. Etter målgang i den tre kilometer lange løypa, fekk alle jordbær til premie.
I konkurranseklassa vann Lars Anders Hoel frå Valldal herreklassa, han hadde tida 10.37. Raskaste kvinne var Nina Ellingseter Aandal frå Isfjorden, som sprang på 12.35.

Rulleskistaffett
Like før rulleskistaffetten tok Espen Graff fram telefonen og ringte opp sin kollega Jon Herwig Carlsen som starta årets rulleskistaffett. Ikkje uventa hadde han ein limerick på lur. Der oppmoda han Espen Graff om å syngje.
Rulleskistafetten er eitt av høgdepunkta på programmet. Her er det høg fart og stor spenning. I år gjekk ei jente og ein gut saman på lag.
– Løypa var lagd litt om i forhold til tidlegare for å unngå krappe og farlege svingar for løparane, opplyser Einar Hoel.
Til saman åtte lag stilte til start. Valldal hadde fem løparar med og Stordal hadde ein. Men det var eit skiskyttarlag frå Markane i Sogn og Fjordane som stakk av med sigeren til slutt.

Program frå scenekanten
Etter at dei sportslege aktivitetane var avslutta, kunne programmet frå scena ta til.
Ordførar Bjørn Inge Ruset opna arrangementet. Valldalsbandet Zephyr var først ute og seinare kom Valldal spelemannslag. Guoste Tamulynaite frå Litauen og Katarzyna Rak frå Polen spelte klassisk musikk. Desse to er jordbærplukkarar i Valldal denne sommaren.
Valldal Bygdekvinnelag sto for framsyning av flotte folkedrakter frå mange land. Barnetime er også ein fast post på programmet. 8. klasse-jentene i dansegruppa Evolution stilte med sjølvkomponert danseframsyning, spesielt innøvd til Olsok. Dei var både presise og godt koordinerte. Meir musikk fekk ein frå Walking Disaster og
Not necessarily, før programmet vart avslutta med hittegodsauksjon.

– Godt nøgd
Einar Hoel i langrennsgruppa synest dei skal seie seg godt nøgde med årets olsok-arrangement og han skryt av programleiaren.
– Eg synest Espen Graff gjorde ein god jobb, han ber mykje av programmet. Salsmessig var det ikkje eit toppår, men heilt normalt samanlikna med tidlegare.
Det var mykje folk i år og svært fint vêr.
– Det er ei utfordring å få til eit arrangement som er underhaldande og engasjerer flest mogleg, slik at vi kan behalde publikum gjennom heile dagen, seier han.