| Vi har teke imot i underkant av 800 tonn jordbær. Det er nesten nøyaktig same volum som i fjor. Det er etter forventningane brukbart, seier Harald Valle, dagleg leiar i Valldal Grønt.
Jamn sesong
Sesongen tok til i byrjinga av juli og leveransen av bær har vore nokså jamn, utan dei store toppane. Høgaste dagsinntak var på om lag 45 tonn. Så mange som 40 produsentar leverer bær til Valldal Grønt.
I år starta vi å køyre eigne ruter 7. juli, det er litt seinare enn vanleg.
På gardane når bæra blir henta får bærdyrkarane karakter på bæra og god kvalitet blir premiert med høg karakter.
Dette skal vere ein stimulans til å levere best mogleg kvalitet. Det gjer det vidare arbeidet med innfrysinga lettare og vi får mindre svinn, seier Harald Valle.
150 tonn til konsum
Med ein produksjon på om lag 800 tonn bær, går om lag 150 tonn direkte ut til marknaden som konsumbær. Resten blir innfrose og levert som industribær. Valldal Grønt leverer mellom anna til Lerum, Stabburet og Hennig Olsen is.
Den beste industribæra blir fråsortert og levert til daglegvarebutikkar, delikat pakka i mindre porsjonar, lettvint og klar til bruk for kundane året rundt. Valldal Grønt klarer ikkje å dekkje etterspurnaden.
Vi har merka stor oppsving i etterspurnaden etter konsumbær, altså både brettbær
og ferdig rensa bær i 5 kg-bakkar. Det er kun i periodar vi har klart å dekkje etterspurnaden, seier Harald Valle.
Det er tilbodet dei har med daglegvarebutikkar der kundane på førehand kan bestille fersk, dagsplukka bær, som har vore særleg populært.
Om lag 7000 5 kg-bakkar har blitt køyrt ut til butikkar på bestilling.
Harald Valle trur at dei no byrjar å sjå effekten av marknadsføringsinvesteringane dei gjorde for tre år sidan, då dei oppretta “Valldal ei sunn nyting” som eige varemerke.
Roser ungdommen
Harald Valle skryter av dei som har arbeidd på Valldal Grønt denne sommaren. På det
meste har dei vore rundt 40 personar.
Mange ungdommar har sin første sommarjobb her, og dei gjer absolutt ein kjempejobb, seier han.
Mangel på plukkarar
Ida Marie Kristoffersen-Rem er jordbærbonde for andre året på rad.
Det er både kjekt og travelt, seier ho.
Dei er av gardane som har seinast modning og mykje av bæra råtner i åkeren fordi dei ikkje har nok plukkarar så seint på sesongen.
Vi har ringt rundt til gardane lenger nede i dalen, men plukkarane er enten leie eller så har dei reist heim, seier Ida Marie.
|
|
|