Fiske i Stordalselva

Fisket i Stordalelva ser ut til å verte betre i år enn i fjor.

14. august 2008
John Kristian Hjelle

Bildet er teke 16. juli og viser resultatet av to dagars fiske for ein kameratgjeng frå Austerrike som årleg kjem attende til Stordalselva. Fangsten består av laks på mellom 2 og 5 kilo. Foto: Jarle Hove

Medan ei oppsummering av fjorårssesongen viser at det vart teke 248 fisk (229 laks og 19 aure) i Stordalelva, viser ein foreløpig fangstrapport at fisket til no i år, pr. ca. 10. august, ligg på 242 fisk (227 laks og 15 aure). For nokre av sonene er det heller ikkje registrert så ferske tal, så det reelle talet er nok noko høgare.

Jarle Hove fortel at det i løpet av sesongen så langt har vore fem-seks gongar at fiskarar har vorte ramma av dei nyinnførte restriksjonane i elva, nemleg at ein person får ta maksimum fire laksar på ei veke.

Med 18 dagar att av sesongen i skrivande stund, og når ein samtidig ser at det i fjor vart teke over 50 fisk på slutten av sesongen, ser det ut til at det vert ein oppgang i høve til fjoråret, som var den dårlegaste sesongen sidan 1996.