Turmarsj i turvêr

Tidleg laurdag morgon kjem sola krypande over fjella, driv dogg og skuggar vekk og gjer klar til ein dag akkurat slik han skal vere når Jordmormarsjen blir arrangert.

21. august 2008
Alfred Nilsen

– Det er kjekt å gå i eit terreng ein ikkje har gått i før. Dette var ein kjempefin tur, seier turveninnene Vigdis Øvrebust og Ragnhild H. Flåen, begge frå Stordal. Foto: Alfred Nilsen

Rundt jordmorstova i Eidsdal samlar det seg folk som skal melde seg på. Unge og gamle nærast trippar for å kome i gang. Trillande stemning med latter og kommentarar. Brosjyrar, bussbillettar og ei tresleiv med hol i blir delt ut.

Tre gjekk heile vegen
Dei fleste som skal gå, nyttar seg av busskyssen til herdalsosen, men tre personar startar frå Eidsdal og skal gå heile vegen. Tre bussar må til for å frakte alle deltakarane frå Eidsdal til herdalsosen. Så mange som 160 personar er i år påmelde. Det er 40 fleire enn i fjor. Det flotte vêret må nok ta ein del av skulda for det.

Over fjellet
Frå start til mål er det mange, både lag og privatpersonar som stiller opp og hjelper til slik at det for deltakarane blir ei hyggeleg oppleving.
Og denne fine dagen er det berre gode ord og skryt og få frå dei som har gått over fjellet. Litt tungt er det å gå ned frå Kall-skaret til Tafjord, men med Røde Kors synleg til stades og gode turkameratar går det greit, kunne vi høyre.
Trygt nede i Tafjord var det mange som valde å gå gjennom tunellen og ikkje over Skjegghammaren.

Vegen opp til Muldalen
I det flotte vêret var det også mange som tok turen heilt opp til Muldalen. Der var det rjomegraut og anna som frista. Paul Birger Tysnes var kjempenøgd med arrangementet og spesiellt artig var det at eit turlag frå Alvdal hadde meldt seg på.
– Når ein kan få med 20 personar i slengen er det flott, seier han og legg til at slik blir også arrangementet godt marknadsført rundt om i landet.