Sesongens første samling

I helga var Storfjordlangrenn med 24 unge langrennsløparar på treningssamling i Stordalshallen og Stordal.

28. august 2008
John Kristian Hjelle

Eric Ryan frå Alaska er utvekslingsstudent, bur i Stordal og går første året på skigymnaset på Stranda.

Med base og overnatting i hallen hadde dei treningsøkter både inne og ute gjennom helga, og både med og utan rulleski på beina. Fredag ettermiddag var det 3000 meter løp for alle. Laurdag starta første treningsøkta klokka ti. Den eldste gruppa trente då teknikk og langkjøring på rulleski, medan den yngste gruppa hadde intervalltrening. Etter lunsjpausen skulle det vere felles styrketrening.

Fellestrening
– Ein god del av øvingane køyrer vi felles, seier Pål Bjørn Øvrebust frå Stordal som er fersk som trenar for Storfjordlangrenn.
– Storfjordlangrenn består av løparar mellom 15 og 19 år. Den yngste gruppa er dei på 15–16 år, og vi er to trenarar med ansvar for desse. Det er eg og Hans Kristian Stadheim frå Sunnylven, fortel han.
Dei eldste, som stiller i juniorklassa, er for det meste tilknytta skigymnaset på Stranda, og har Jorunn Vigdal og Jan Erik Westeras som trenarar òg på skigymnaset. Dei bur begge på Stranda.

Treningsplanar
– Eg og Hans Kristian lagar treningsplanar for kvar enkelt løpar i den yngste gruppa. Løparen leverer så ein treningsrapport, som så følgjer vi opp, fortel Pål Bjørn.
Storfjordlangrenn er nemninga på sjølve samlingane, kan han fortelje.
– Den yngste gruppa er eit treningssamarbeid mellom fleire klubbar, medan den eldste gruppa har si forankring i skigymnaset. Løparane i år kjem frå Valldal, Tafjord, Stordal, Velledalen, Sunnylven, Sykkylven, Emblem og Stranda, fortel han.
Namn på løparar frå Storfjordnytt sitt dekningsområde er Are Tafjord og Trond Marius Vad frå Tafjord, Geir Marius Øie og Lars Eivind joranger frå Stordal og Lars Anders og Anne Kristin Hoel frå Valldal. I tillegg representerer Kristin Solberg frå Ørskog frå og med i år Stordal.
– I løpet av hausten skal vi ha fem samlingar til, tre på barmark og to på ski. Neste samling vert på Hellesylt, så vert det på Emblem før vi tek ei skisamling på Gålå i Gudbrandsdalen. Så vert det ei ny skissamling på Stranda før jul. Etter jul vert det 3–4 midtvekesamlingar på Strandafjellet, avsluttar Pål Bjørn Øvrebust.

Ny på laget
14-årige Trond Marius Vad frå Tafjord er med på Storfjordlangrenn frå i år av. På spørsmål om kor lenge han har drive med langrenn, kan han fortelje at han har vore aktivt med i 4–5 år.
Trond Marius er yngst av fire søsken, men den første av desse som driv aktivt med langrenn.
– Det byrja med at eg gjekk på ski då eg var liten, og tykte det var moro. Eg blei med på nokre renn, og sidan har det berre vorte slik, seier han, og legg til at han kjem til å satse vidare.
Han representerer Valldal, til liks med den andre tafjordingen i Storfjordlangrenn, Are Tafjord, som går på skigymnaset på Stranda.
– Det verkar som det er eit bra opplegg. Vi har nett byrja, så eg har ikkje fått nokon treningsplan enno, men eg trenar mykje likevel, fortel Trond Marius.
Han legg til at han kjenner ein god del av deltakarane i Storfjordlangrenn frå før. Med far frå Stordal og ei søster som bur der, har han sterke bindingar også til den bygda, i tillegg spelar han i år fotball på 14-årslaget til Stordal. Ein skulle ikkje tru at det vart tid til så mykje anna når ein er aktiv i både langrenn og fotball, i tillegg til skule, men det kan Trond Marius avkrefte.
– Det vert no tid til ein del anna også, påstår han. Kor han får tid til det kan ein lure på når ein høyrer at han no har to faste treningar i langrenn i veka, noko som aukar utover hausten. I tillegg har han to treningar i tillegg til ein fotballkamp i veka. Utover desse faste treningane og kampane er han innimellom med på ein del meir tilfeldige løp som til dømes Jordbærmarsjen og Mefjellet opp.

Frå Alaska
Namnet Eric Ryan signaliserer ikkje opphav frå Storfjord-
regionen, og det er rett nok. 16-årigen Eric er utvekslingsstudent frå Alaska som det neste året skal bu hos familien Joranger i Stordal og vere elev på skigymnaset på Stranda. Der skal han gå i første klasse, medan sonen i huset, Lars Eivind Joranger, går tredje klasse.
Heime i Alaska er Eric elev ved Robert Service High School i i byen Anchorage, dit han skal tilbake til neste år for å gå fjerde og siste året på High School. Anchorage er ein by med om lag 300.000 innbyggjarar, og Eric fortel at det er mange som driv med langrenn, både i Anchorage og i Alaska. Sjølv representerer han skulen sitt skilag i tevlingar skulane mellom, men han er knytt til eit eige langrennsteam, ”Alaska Winter Stars”, når han konkurrerer på nasjonalt nivå i USA.

Stort talent
Eric høyrer til blant dei største talenta i USA i si aldersgruppe, i vinter blei han nummer fem i klassisk sprint og nummer to i klassisk langdistanse for 15-16-åringar.
– Treningsmetodane her i Noreg synes som dei er svært forskjellig frå Alaska, fortel han.
– I Alaska har vi hardare økter og lengre distansar, enten vi trenar på sykkel, ski, eller om vi spring, seier han.
I vinter skal han delta i konkurransar her i Noreg. Som utvekslingsstudent skal han vere i Noreg heilt til neste sommar utan å reise heim, men kanskje han får besøk av familien til våren, noko ein etter reglane må søkje om.
På spørsmål, stilt på norsk, om korleis han likar seg her så langt, svarar han med eit smil ”kjempebra” – også på norsk.