Langsæterdagane går over tre dagar, og starta med Trollkyrkjegardsdagen på fredag, eit arrangement tenkt for skuleklassar, friluftsfolk og andre natur- og kulturinteresserte.
Ved elvabytet inne på fjellet mellom bygdene orienterte Eystein Hjelme om jakt og fangst i eldre tider, medan Kristian Almås fortalde om fjellovergangane mellom bygdene i området og sjølve Trollkyrkjegarden som kulturminne.
Kinning og ysting
Laurdag var sjølve stølsdagen på Kvitlanestølen, og skodda og regnet frå morgonen av gav ikkje noko grunn til særleg optimisme med tanke på frammøte. Men det letta noko frametter formiddagen, og etter kvart kom det til ein god del folk som ville få med seg dei ulike aktivitetane på stølen.
Der fekk gjestene mellom anna følgje prosessen med kinning av smør, ysting av ost, tillaging av møsbrøm, dravle og søst, og fekk smake på dei ferdige produkta. Det vart også synt karing og spinning av ull, og henting og fingerhekling. Knivsmed var på plass, og tredreiing vart synt fram.
Gamle leikar
Ungane fekk vere med på gamle leikar, og nede ved elva fekk den som ville, prøve å vaske etter gull.
Elles vart det frå lokale produsentar seld mellom anna poteter, frukt, honning og til og med hjorteskinn.
Nilsgardstunet og Holt Gardsmat selde mat og drikke både laurdag og sundag, og trass i vèret laurdag møtte det fram så mykje folk at dei selde meir enn dei hadde rekna med på førehand.
Gudsteneste med dåp
På sundag, gudsteneste- og underhaldningsdagen på Puskenstølen, var vêret meir på arrangøren si side.
Etter den utandørs gudstenesta og dåpen underheldt Stordal hornmusikklag og Valldal spelemannslag dei mange frammøtte, og folk kosa seg på stølen i det fine vèret.
Til liks med tidlegare Langsæterdagar vart gudstenesten halden ved Toreselet, som velvillig var stilt til disposisjon av arvingane etter Einar J. Hove, tidlegare leiar i Stordal sogelag.
|
|
|