| Ronny Brunvoll har mellomfag i fransk og høgskuleutdanning i marknadsføring og økonomi. Han kjem frå Harøya utanfor romsdalskysten. Han er gift og har to born og har budd på Valderøya dei 13 siste åra. No har han fått hybel i Geiranger og blir vekependlar.
Handlingsretta
Tidlegare har Brunvoll mellom anna arbeidd sju år i Sunnmørsposten med distribusjon og sal. Deretter var han prosjektleiar og marknadsjef for Sunnmørshallen og Color Line Stadion. Då han fekk tilbod om jobben som reiselivssjef, var han ikkje i tvil om å takke ja.
Mi sterke side er at eg er handlingsretta. Eg vil føre ting frå tankestadiet til handling. Eg likar å jobbe med prosjekt, få framdrift og få ting gjennomført, seier Ronny Brunvoll.
Samarbeid
I den nye jobben skal han ha eit nært samarbeid med assisterande reiselivssjef,
Ove Skylstad.
Vi skal samarbeide og dele på ulike oppgåver. Det er viktig å byggje vidare på det som har vore bra, og samtidig utvikle og gjere endringar der det krevst. I arbeidet med marknadsføring er eg opptatt av å ta gode val. Kva marknad vil ein nå, kven er
målgruppa og korleis nå
denne, er viktige spørsmål å jobbe ut frå. Det er mykje jobb og mangfaldig arbeid, eg er framleis i ein lærefase, seier Ronny Brunvoll.
Produktutvikling
Sentralt i arbeidet er drift av turistinformasjonane i Valldal, Geiranger, Eidsdal, Hellesylt og Stranda, marknadsføring og produktutvikling.
Området er fantastisk. Vi vil stimulere til ei utvikling i produkta her slik at turistane skal synest det er interessant å
stoppe opp og overnatte. Å leggje til rette for å få til ein utvida turistsesong, frå mai til september i første omgang, er også ei viktig arbeidsoppgåve.
Reiselivsmøte
Ronny Brunvoll gler seg til dei komande møta DGT skal ha med reiselivsnæringa i Valldal, Geiranger og på Hellesylt. Då skal marknadsplanen for 2009 diskuterast saman med vidare planar for treårsperioden dei er inne i.
Vi er eit overordna marknadsføringsorgan for alle reiselivsbedrifter som er organisert i selskapet. 53 bedrifter er med som direkte eigarar, og kring 200 foretak har ei form for eigarinteresse i selskapet. For å lukkast er det viktig å tenkje heilskap og samarbeid. Det er viktig å drage saman på tvers av bygde- og kommunegrenser, seier Ronny Brunvoll.
|
|
|