| Tafjord er som fleire andre små bygder, råka av fråflytting. Bygda er i ein kritisk og sårbar situasjon. Skulen vart nedlagt i fjor og det er berre eitt gardsbruk att i drift. Daglegvarebutikk har dei framleis, men Fjordlaks og Tafjord Kraft er dei einaste bedriftene som gir arbeidsplassar i bygda.
Nye arbeidsplassar
Gjennom Tafjordfondet ynskjer Tafjord Kraftselskap å bidra til utvikling av nye arbeidsplassar og aktivitetar i Tafjord.
Tafjord Kraftselskap føler eit ansvar for bygda og selskapet treng òg at folk vert buande i bygda for si eiga skuld, seier kraftverksjef Stig Falling.
Dei ynskjer å nå ut til alle som har idear og planar som vil kome bygda til gode. Fristen for å søkje om midlar frå Tafjord-fondet for 2009 går ut 1.oktober, og til no er det berre ein søkjar.
Fem løyvingar
For 2008 innvilga Tafjordfondet støtte for 486.000 kroner fordelt på fem søknader. Fordelinga av midlane såg slik ut: Forprosjekt skredsenter i Tafjord: 250.000 kroner. Utvikling av kaiområdet i Tafjord: 60.000 kroner. Utviding/mudring av Tafjord båthamn: 50.000 kroner. Delvis finansiering av gangsti/kryssing av elva: 106.000 kroner. Tonje Eirin Tafjord, kulturgyting i Olagarden: 20.000 kroner.
Skredsenter i Tafjord
Oddbjørn Lianes er ein av dei som arbeider for å få til eit skredsenter i Tafjord. Dei har engasjert konsulentfirmaet Hybris til å gjennomføre eit forprosjekt. Dei skal mellom anna sjå på kva eit slikt skredsenter skal innehalde.
Nokre av tankane er at det skal vere eit opplevingssenter med moderne teknologi. Eit slags historisk dokumentasjonssenter for tildlegare skred, der ein kan visualisere det som har skjedd og det som kan kome til å skje. Det er tenkt eit samarbeid med beredskapssenteret på Stranda, slik ein kan ta imot data i samband med det som skjer ved Åkneset. Skredsenteret er tenkt retta mot turisme men kan òg nyttast i opplærings- eller undervisningssamanheng, fortel Oddbjørn Lianes.
Saman med Oddbjørn Lianes, sit Astor Furset og Stig Holmstrøm i stiftinga som arbeider med prosjektet.
Utvikling av kaiområdet
I utvikling av kaiområdet i Tafjord er Arild Nærø og Hallbjørn Brekke idéhavarar. Dei ser mange moglegheiter for bygda.
Vi er opptatt av å sjå moglegeitene som er i Tafjord. Her er stor turistgjennomstrøyming om sommaren. Båttrafikken aukar og det er godt belegg på hamna. Her er store moglegheiter for turar kring fjorden og i fjella er her, problemet er at bygda manglar eit overnattingstilbod, seier Arild Nærø.
Dei arbeider med eit byggjeprosjekt på hamna i Tafjord. På eigedommen til Tafjord Kraft tenkjer dei seg eit nærings- og servicebygg som skal innehalde overnatting og spisestad. Dei har vore i kontakt med arkitekt Terje Olsen frå Ålesund som har teikna tre ulike skisser over korleis eit bygg på hamna i Tafjord kan sjå ut.
Vi ynskjer å utvikle eit breiare tilbod til turistane. Vi har fleire idear knytte til byggjeprosjektet på hamna, men dei skal arbeidast meir med før dei blir offentlege, seier Hallbjørn Brekke.
|
|
|