Ung helg med futt i

I helga vart det for andre gong arrangert Ung helg i Norddal kommune. No i Eidsdal. Det var ikkje mangel på oppmøte, for ungdommer både frå kommunane Norddal, Stordal og Stranda var til stades. Og alle såg ut til å kose seg.

18. september 2008
Lars Olav Muri og
Simon Andre Hjelle

Per Gunnar Ødegaard og Konrad Kokot med eit par nummer for store hanskar.

Det heile starta på fredag. Då blei det arrangert Ung Fredag med vanlege aktivitetar som bordtennis, gitar Hero, Sing Star, fotball, buzz og kortspel.
Men det var på laurdag det meste skulle skje.

Full aktivitet
På laurdag begynte det heile kl 13. Paintball blei umiddelbart ein suksess og mange fekk seg ein blåkul her og der. Også i år var det Broken Balls frå Stryn som stod får det. Paintballbana låg like nedom Røde Kors-huset. Der var det også blinkskyting med pil og boge.
Litt seinere på dagen begynte det med sumobryting og boksing, med ein ganske morosam vri. Innandørs var det omtrent dei same aktivitetane som på Ung fredag. Bortsett frå at det var kreativ verkstad. Der kunne dei lage kort og andre småting. Ballbingen blei også regelmessig brukt.
Det var for anledninga markering for den internasjonale førstehjelpsdagen. Det var førstehjelpsquiz og rådgjeving frå personar som hadde kompetanse på området.

Underhaldning
Underhaldninga fant stad på Røde Kors huset. Midt på dagen var det danseshow med ei jentegruppe frå Hornindal, som seinare hadde danseundervisning i gymsalen på skulen.
Seinare på kvelden starta nokre konsertar. Først ute var Battery, som spelte fire knallgode rockelåtar. Etter at ho Jenny M. Langlo hadde spelt sine tre hjarteskjærande songar kom Walking Disaster. Dei spelte fire fengande låtar. Så kom Marius and the outliggers på scena og spelte ei lang rekkje med songar dei har laga sjølve.

Helsing Simon André og Lars Olav