Satsar på musikken

Kristina Malene Stavseng fyller berre 15 år neste veke, men er allereie kjend for mange for fiolinspelinga si. Både aleine og saman med bror sin, Kristofer Olai, på cello. Når vi besøker henne for dette intervjuet, er det pianotonar som strøymer ut av huset i Hovsstranda i det vi stig opp trappa.

25. september 2008
John Kristian Hjelle

Kristina Malene Stavseng spelar pianoet, men fiolin er hovudinstrumentet.

Vi avbryt vekas torsdagsgjest i pianospelinga hennar i det vi ringjer på. Døra opnar seg og vi vert beden inn til ein kaffikopp. Kristina Malene Stavseng er framleis elev ved Stordal skule, ho går i år 10. og siste steget.
Ho er elev ved musikkskulen i bygda, og reiser til Ålesund ein gong i veka og har time hos Ove Kvangarsnes. Det har ho gjort sidan ho var om lag seks år gammal.

Barrat Due-elev
I 12-års alderen begynte ho også å reise til Oslo for å ta privattimar på Barrat Due Musikkinstitutt. Dit reiser ho om lag annakvar veke.
– Eg reiser som oftast ned fredag og har time om kvelden. Så overnattar eg, og så har vi felles øving med Barrat Dues Juniorensemble laurdag, fortel Kristina.
Barrat Due Musikkinstitutt har for det meste elevar frå Oslo-området, men det folk reiser heilt frå Alta og tek timar der. Kristina fortel at det også er elevar der frå Danmark.
– Sundag hadde vi konsert i Oslo Konserthus. Det var eit skuleprosjekt som enda med konsert der med mykje publikum, fortel ho.

”Unge talenter”
Fram til i sommar tok ho vanlege privattimar hos Barrat Due, men i vår søkte ho om opptak på ”Unge Talenter”. ”Unge talenter” beskriv Barrat Due Musikkinstitutt sjølve slik: ”Et veksthus for morgendagens musikere, der spesielt interesserte barn og unge i alderen 10–19 år tilbys instrumentalundervisning og ensembleaktiviteter”.
Det er stor søknad for å komme med på denne ordninga, det er berre tre–fem som kjem med av over 50 søkjarar på fiolin kvart år.
– Eg trur aldri eg har vore så nervøs i mitt liv. Ikkje berre under sjølve opptaksprøven, men også den lange ventetida. Eg måtte vente over halve sommarferien før eg fekk vite at eg hadde kome inn, fortel ho.

Symfoniorkester
I tillegg til dette er ho også med i Ålesund symfoniorkester, og har ei øving i veka også med dei.
– Nei, det vert nok ikkje tid til så mykje anna, stadfestar ho på spørsmålet vårt om ho rekk noko anna enn musikken ved sida av skulen.
– Eg var med og spelte fotball då eg var mindre, men det er fleire år sidan no. Eg har vore med på Ungdommens kulturmønstring, eit år med fiolinspeling, og eit år både med gitar og song og med måleri, kan ho fortelje.
Det året ho var med med fiolinspeling, kom ho vidare til landsfinalen i Trondheim. – Vert du aldri lei?
– Det var ein periode for nokre år sidan eg var litt lei, men det gjekk over. Det tek på kreftene å måtte reise slik heile tida, men det går bra, seier ho med eit smil.
På spørsmål om kva ho skal gjere etter ungdomsskulen svarar ho at til neste år vil ho søkje seg inn på musikklinja ved Fagerlia vidaregåande skole, så får ho sjå etter det. Men at ho vil satse på musikken er ho sikker på.
– Kanskje eg flyttar til Oslo og held fram med å gå på Barrat Due. Eg satsar på å bli så flink som mogleg, så får vi sjå kor det fører, seier ho.
Kristina likar best å spele romantisk musikk som Brahms eller Rachmaninov i orkester, og så likar ho å spele sigøynarmusikk.

Kunstnarleg familie
Bror til Kristina, Kristofer Olai, går no på den internasjonale lina på vidaregåande skule. Han skal halde fram med musikken på hobbybasis. Far til Kristina er bilethoggar Ola Stavseng, og mor hennar er songar Marianne Ravn Stavseng.
Ola seier han er begeistra for at ungane satsar på musikken, for han likar godt musikk sjølv.
– Men ho må sjølvsagt sjølv velje kva ho vil ha som profesjon, understrekar han.
– Det er viktig at dei likar det dei driv med. Dei må sjølve vere motiverte, legg han til.
– Eg hugsar godt då ho som seksåring opptredde på Ålesund kulturskule, fortel Marianne.
– Ein begeistra vaktmeister kom etterpå til meg og sa at han tykte ho spelte fantastisk. Så ho viste nok tidleg talent.
Ola og Marianne seier at det er ein fordel å starte og tileigne seg den grunnleggjande teknikken i så ung alder som mogleg. Ein er då framleis mjuk og har i tillegg tid til å øve.