”Familietur” stod det i annonsen, men det såg dårleg ut med oppmøte då vi kom fram til Gudbrandsjuvet.
Fire vaksne stod og venta på at det skulle kome fleire som ville vere med over fjellet til Fjørå. Fem minutt over tida, ville vi ikkje vente lenger. Seks vaksne og eitt barn la av garde opp dei bratte bakkane. Råsa var fin og vêret likeins, ti grader og lett skya, med utsikt til å få sjå sola etter kvart.
Det spøkjer
Oppe ved vatnet på Myreheia tek vi første rast.
Her oppe spøkjer det, seier Stein Inge Rem, som er turleiar denne dagen.
Fleire har sett mystiske ting i dette området. Kristin Vangsnes Hjelme har òg høyrt historier. Dei fortel om ein kar som går att her, og om eit grått gamaldags spisstelt som har vore sett oppslått ved vatnet.
Sandfjellet
Turen skal gå vidare til steinhytta som ligg like ved Sandfjellet, gjennom Trollkyrkjebotnen, over Grønhaugen, til Nysætra og ned til Hauge.
Vi planlegg å gå opp på Sandfjellet også når vi likevel er så nær. Det er trimpost både ved steinhytta og på Sandfjellet, og det er stas å få skrive seg i boka.
Stein å risse i
I området kring Sandfjellet er det mykje fin stein. Dei raude steinane er olivin, og ein kan lett risse namnet sitt i berget. Det er det mange som har gjort frå før, og vi kan sjå avskrift etter fleire vi kjenner.
Eg oppdagar mitt eige namn og årstalet -87. Ti år var eg den gongen. Eg synest det er artig at dottera mi på ti år er med, ho rissar namnet sitt ho òg. Ho lurer på om kanskje mormor var her då ho var ti år.
Vi set att sekkane og tek ein avstikkar opp på Sandfjellet. No kjem sola fram og det blir rett fint. På veg ned, lettar ti-tolv ryper opp frå ura, dei har fått kvit vinterdrakt. Nede ved steinhytta er det tid for ein ny rast, meir kaffi og sjokolade.
Sigurd Hjelme har bygt opp hytta her. Han brukte det meste av fritida si på å samle stein og mure opp hytta, fortel Kristin Vangsnes Hjelme.
Sauer på vandring
No har vi brukt fire timar på turen. Det er fleire som byrjar å sjå på klokkene og skal rekkje butikkane før dei stengjer. Då er det berre å gå vidare. I sida framom oss har det dukka opp ein liten flokk sauer. Vi håper endeleg ikkje dei høyrer til på Hjelma, for vi skuver dei føre oss i retning Fjørå.
Når vi nærmar oss Nysætra møter vi Magne Almstad på
saueleiting. Glad kan han vere, for det var hass sauer. Vi er glade også, for vi synest vi har gjort ei god gjerning.
Dryge seks timar
Turen er snart over. Vi har brukt dryge seks timar. Det kan kjennast i føtene, men det er ikkje langt ned til Hauge no. Der ventar drosje som skal skysse oss fram att i dalen.
|
|
|