Fann sitt "paradis" på Hauge

Christine Strandmann er frå Ålesund, men har budd i Oslo dei siste 13 åra. I august tok ho spranget og flytta frå byen til bygda, noko ho har lengta etter.

2. oktober 2008
Anneli Rem

Christine Strandmann likte seg på Hauge frå førse stund.

– Det er fantastisk her. Eg fann gardsbruket til leige på gardsbruk.no. Eg er framleis på begeistringsbølgja, og snik meg rundt kring her og tek bilete. Finevêr har det vore nesten kvar dag sidan eg kom hit i byrjinga av august, seier Christine Strandmann.

Sakna fjell og natur
Dei siste åra i Oslo tenkte ho mykje på å flytte vekk frå byen. Christine sakna fjell og natur, og eit liv i meir ro og stille. Frå ein hybel på 19 kvadratmeter med ein bakgård som gav fengsels-assosiasjonar, til eit stort gardshus til det halve av leiga i Oslo, er ho veldig glad for valet.
– Eg synest det er rart at ikkje folk står i kø for å få leige her oppe. Det er deilig med god plass, her har eg lyst å bu lenge, seier Christine.

Inga gardsdrift
Ho får også bruke det gamle selet som høyrer til garden. Det ligg i Heggurdalen. Ho har alt vore der ei helg og ho likte seg godt. Gardsdrift blir det derimot ikkje utan at det kjem nokon som kan hjelpe ho med det.
– Ingunn Krogstad ville helst leige ut til nokon som kunne drive garden, men eg har ikkje kunnskap til å gjere det aleine. Ikkje utan at det finst ei bok som lærer om sauehald på ein to tre, smiler ho.
Christine vil gå meir i fjella og vere ute i naturen, ho er glad i å gå på ski og gler seg til vinteren. Ho har òg planar om å byrje å synge i Valldal songlag.
– Eg har kjøpt puslespel på butikken, eg likar å lese og eg går med planar om å kome i gong å skrive meir.

Fattigdom
Christine har mastergrad i sosiologi. Ho er opptatt av problematikken med å bekjempe fattigdom og svolt. Ho intereserer seg for distriktspolitikk og synest det er synd at gardsbruk vert nedlagde og at folk flyttar frå distrikta, noko ho meiner er ein konsekvens av globaliseringa.
– I hovudoppgåva skreiv eg om korleis den økonomiske globaliseringa verkar på sjølvforsyningsjordbruket, og småbrukarar innan både landbruk og fiske. Sjølve organiseringa har ei sentralisering og desse “kreftene” skaper fattigdom. Vi har mykje å lære av verdas naturfolk som lever i pakt med naturen, seier Christine.

Depresjon
Midtvegs i masterstudiet opplevde ho ein depresjon.
– Det kom snikande. Eg syntest det var flaut å verte deprimert. Difor sa eg at eg hadde det bra sjølv om eg ikkje hadde det. Sjølvbiletet fekk ein knekk og eg hadde mykje angst. Eg følte meg skamfull over å ha ei psykisk liding. Det er synd, for det blir ei ytterlegare belastning for den som er sjuk. Etter kvart byrja eg å vere ærleg. Det varte i to år, fortel Christine.
I tillegg til å ta tida til hjelp, støtta ho seg til naturlege behandlingsmetodar. No i etterkant ser ho at det er ein periode ho har lært mykje av.
– Det som er så fascinerande er at det går an å bli heilt frisk, og det er så godt å kjenne. Sjukdom og krise kan vere ei vekstmoglegheit. Det er råd å halde det ut og kome seg igjennom det. Men eg er skeptisk til medikamentell behandling av psykiske lidingar. Det tek ofte lang tid å bli sjuk og organismen treng tid til å hente seg inn igjen. I dag er det slik at ein ikkje tek seg den tida. Vi går til legen og vil ha noko som gjer at vi blir bra fort, seier Christine.

Tru på det naturlege
Ho har fått lyst til å ta eit deltidsstudium i naturmedisin.
– Eg har tru på det naturlege. Eg har lese mykje om alternativ medisin og eg meiner det er godt dokumentert. Eg liker ikkje den vestlege arrogansen til tradisjonar som har vore i bruk i lange tider, seier ho.
Christine er opptatt av å tenkje heilskapleg og vil at årsakene til problema skal behandlast, ikkje berre symptoma. Ho ser at dette gjeld like mykje på det mennesklege planet, som i samfunnet generelt, kring miljø- og økonomiske problemstillingar.
Christine kritiserer akademia. Ho synest dei kunne ha brukt kunnskapen til meir nytte for samfunnet.
– Mange professorar er mest opptatt av si eiga makt og prestisje. Mange er virkelegheitsfjerne. Dei må snakke slik at folk skjønar dei og delta meir i den offentlege debatten, seier Christine.

Positivt overraska
Venene hennar i Oslo trur ho kjem til å flytte attende, men sjølv saknar ho ingenting frå bylivet.
– Eg er positivt overraska over alle ting ved å kome hit. Eg kjenner ikkje så mange enno, men alle eg møter er hyggelege og imøtekomande. På arbeid trivst eg også godt. Eg har ei 60 prosent stilling i pleie- og omsorgstenesta, fortel ho.
Christine valde å arbeide i redusert stilling for å ha meir tid til å lese og skrive om det som opptek ho.
– Eg har mykje på hjartet og håper eg kan få det ut på ein måte, seier Christine Strandmann.