13.000 år gamle spor

Sjølv om forhistoria nyleg er flytta på, har Astor Furset tankar om at det har vore folk her i endå eldre tider. Han meiner dei gamle fangstanlegga i distriktet tyder på at det levde folk her for kring 13.000 år sidan.

2. oktober 2008
Anneli Rem

Astor Furset leiter i Norddal si eldre historie etter spor av dei første norddalingane.

– Dei første folka som levde her, var truleg jaktfolk, fangstfolk og flyttfolk. Dei dreiv fangst av rein, for det var utelukkande rein det var jakt på. Det var ikkje noko anna. Dei følgde reintrekka som kom sør frå, seier Astor Furset.

700 fangstanlegg
Astor Furset har saman med forskar Øystein Mølmen kartlagt eit stort fangstanlegg i distriktet. Dei har funne kring 700 fagstanlegg i området frå Geiranger til Nordmøre. Og dei finn stadig nye. I arbeidet har dei fått hjelp frå fleire lokale fjellfolk, mellom anna Asgeir Heggen og Eystein Hjelme.
Ved Kallskaret, Ringshorn, Fetegga og i Heggurdalen kan ein sjå fleire fangstanlegg. Ovanfor Herdalen, i fjellet opp mot Litlejordhornet, er det restar etter eit styrtfangstanlegg.
– Dette er tydeleg i dag. Det er ein 300 meter lang mur, høgda var truleg kring tre meter. Høgda er redusert til det halve i dag, men enkelte stadar er det framleis høg mur som står att. Fangstfolket sette opp bogastelle og dreiv reinen mot styrtfangstanlegget, fortel Astor.

– Det spesielle
Fangsanlegga kan gje arkeologar og geoloar nyttig informasjon for å slå fast kor lenge det har levt folk i distriktet vårt. Astor Furset meiner alt tyder på at det levde folk her for kring 13.000 år sidan. Han peikar på to faktorar som viser dette; høgda på funna og klimaet.
– Det som gjer dette så spesielt, er at alle bogestella ligg 1450–1550 meter over havet. Dette har forundra oss, seier Astor.
– Korleis kunne dette skje? Kvifor gå så høgt opp? Det er meiningslaust å drive fangst så høgt til fjells. Det må ha vore ei heilt anna tid enn vår. Det må ha lege isbre heilt opp til denne høgda. Og då er vi 13.000 år tilbake i tid. Det var i denne perioden isbreane tok til å smelte, seier Astor.
Vanleg oppfatting er at det har budd folk her sidan eldre steinalder, altså for 7000-8000 år sidan.
– Funna frå denne tidsepoken er gjort på 30 meters høgd i terrenget, seier Astor.

Ny datering
Arkeologar frå Bergen Museum har nyleg slått fast at det var busetnad på Lundaneset i Sunnylvsfjorden for 9300 år sidan.
Ny datering kom etter analysar av flintstykke som vart funne på eit område omlag 60 meter over havet.
– Med busetjing og funn i 60 meters høgd for ti tusen år sidan, må fangstanlegga som ligg på 1500 meters høgde, nødvendigvis vere eldre. For å få meining i at bogastella og styrtfangstanlegget ligg så høgt, må det ha ligge isbre opp under denne høgda, seier Astor Furset.

Analysar
Eit anna moment Astor meiner stadfestar teorien hans, kjem frå analysar av ein trestamme han og Øystein Mølmen fann oppe i Reindalen.
– Vi fann ein kjempehøg trestamme i ei myr, 1300 meter over havet ved Reindalen. Mølmen sende deler av trestammen til analyse i Trondeim. Her fekk vi med sikkerheit slått fast at furutreet er 8500 år gamalt. I den perioden var klimaet her mildt, om lag slik som i Sør-Frankrike i dag, seier Astor, som meiner det fortel at vi kan vere sikre på at her var folk i tidsepoken Yngre Dryas 10.000-11.000, og mest sansynleg også i Eldre Dryas, 12.000-13.000 år tilbake i tid.
På tampen kjem Astor Furset med tankar om at det kan ha vore folk her i endå eldre tider.
– Bogastelle i Heggurdalen synest å ha vore pressa ned av is. Er det tilfelle, kan det ha vore endå ei istid mellom, seier Astor, som hadde ynskt at forskarar og geologar kunne gjere nærare analysar av desse felta.