Fann kvarandre med flaskepost

Måndag 30. mai i 2005 sende Dalsbygda barnehage flaskepost. Måndag 29. september fekk dei brev tilbake.

9. oktober 2008
Anneli Rem

Barnehageborna har blitt 3. og 4. klassingar. Framme f.v.: Arne Hollum Relling og Per Monrad Solli Grønningsæter. Andre rekkje: Lovise Eliassen, Mari Bjørnstad Hjelle, Jenny Justine Nystad, Sara Rønneberg Nilsen og Emilie Follestad Ørstavik. Foto: Anneli Rem

Gudmund Relling, rektor ved Dalsbygda skule, vart overraska då han henta posten førre måndag og skjøna ikkje med det same kva det var slags brev han hadde fått.

Funn i fjøra
Ann-Kristin Lunden, avdelingsleiar i barnehagen, forstod derimot godt at no var det kome svar på flaskeposten dei kasta i fjorden for over tre år sidan.
– Vi hadde om temaet årstid. I “Vårboka” las vi om forskjellige ting du kan finne i fjøra og om ein flaskepost som vart funnen. Her fekk dei ideen til å lage ein sjølv, for det hadde borna i barnehagen også lyst til, fortel Ann- Kristin.

Flaskepost frå ferja
Dei sette i gong, teikna og skreiv brev. Først kasta dei flaskeposten ut frå land i Norddalen, men dei fekk han att. Nokon i bygda hadde funne han. Barnehageborna tok flaskeposten med seg på ferja, og no vart han kasta ut midtfjords.
– Her i frå har flaskeposten følgt i leia til Hurtigruta, ut Storfjorden mot Lepsøya og Haramsøya, og svinga inn Moldefjorden og enda i Midsund, seier Gudmund.

Funnen i Midsund
Flaskeposten vart funnen i Midsund våren 2008, og enda opp hjå Midsund barnehage. I brevet Midsund barnehage sende tilbake, skriv dei at alle borna og dei vaksne i barnehagen syntest det var veldig artig, og dei takka for alle fine teikningar dei fekk. Dei sende også teikningar tilbake til borna i Dalsbygda barnehage.
– Vi kjem til å skrive tilbake. Kanskje kan vi finne på noko slik vi kan treffast ein gong, seier avdelingsleiaren i barnehagen i Norddal, som synest at det var spesielt kjekt at flaskeposten hamna i ein annan barnehage.