| Pål Bjørn Øvrebust frå langrennsgruppa i Stordal IL fortel at det byrja som ein idé i sommar. Dei skissa så på eit opplegg som styret såg på før dei bestemte seg for å arrangere treningshelga. Program og invitasjonar vart sendt til skikrinsen både i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.
Opp i 80 deltakarar
I Møre og Romsdal vart det følgt opp ved at det vart lagt ut på heimesidene, og det vart sendt ut til klubbane i krinsen. I Sogn og Fjordane vart det ikkje følgt så godt opp.
Det vart likevel såpass med påmeldingar at det vart mange nok, seier Pål Bjørn Øvrebust.
I snitt var 75-80 med på treningane i løpet av helga.
Det var med tre stykke frå Eid og sju frå Lesjaskog. Dei hadde sett det på Møre og Romsdal skikrins sine heimesider og melde seg på. Det tykkjer vi er kjempeflott, legg han til.
Arrangøren har fått mange gode tilbakemeldingar frå foreldre frå andre klubbar som overnatta saman med ungane sine her i helga.
Dei skryter mellom anna av fasilitetane i Stordalshallen. Vi har gode rulleskimoglegheiter her i Stordal, og i tillegg har vi også kunstgrasbana.
Eksemplariske born
Borna oppførte seg heilt eksemplarisk gjennom helga. Det var ikkje noko tull på nokon. Dei møtte presis på treningane, og synte veldig gode haldningar.
Trenarane var veldig godt nøgde med dei. Vi hadde gode trenarar. Det trur eg er viktig. Jorunn Vigdal frå Stranda vidaregåande skule budde her heile helga og var med på alle treningane. I tillegg gjorde Lars Anders Hoel frå Valldal og Anniken Hjellbakk Hole frå Sunnylven, juniorar som går på Stranda vidaregåande skule, ein kjempeinnsats. Det er viktig å ha eldre utøvarar som er gode forbilde og ambassadørar, seier Pål Bjørn Øvrebust.
Lars Eivind Joranger og Nathalie Aasen frå Stordal var også med som trenarar, i tillegg til Einar Hoel frå Valldal, Geir Tony Tomren frå Tomrefjord og Pål Bjørn Øvrebust sjølv.
Vi filma ein del fredag og laurdag. Dette vart redigert og 20-25 minutt vart vist laurdag kveld. Det var veldig populært.
Stor innsats
Det har vore ein stor innsats frå alle foreldre og styret i langrennsgruppa. Det er ein god del som skal planleggast og organiserast i samband med ei slik helg, det skal mellom anna serverast mange måltid.
Eg må seie at dette var såpass vellykka at vi ser ikkje vekk frå at vi vil prøve på nytt med eit liknande opplegg neste år. Vi vil i tilfelle prøve å marknadsføre det som ”Stordalshelga i langrenn”. Det ser ut til at første helga i haustferien fungerer bra å arrangere det på, avsluttar ein nøgd trenar.
Bra helg
15 år gamle Øyvind Lie Flobergseter (til høgre) er frå Bjorli, og er tilknytta Lesjaskog IL.
Det er første gong han er i Stordal, og tykkjer det har vore ei bra helg, både med det reint sportslege og med overnatting og opplegget i Stordalshallen. Han har vorte kjend med fleire i løpet av helga, mellom anna Trond Marius Vad frå Tafjord og Valldal IL (til venstre) og Robert Sørås frå Stordal (i midten).
Desverre er eg for gammal til neste år viss det vert arrangert også då, seier han.
|
|
|