Millionstøtte til landbruket

4,4 millionar kroner er sette av til å ta vare på kulturlandskapet i verdsarvområdet, Vestnorsk fjordlandskap. Halvparten skal brukast i Geiranger-området.

16. oktober 2008
Anneli Rem

Anne Berit Løset, Arnfinn Westerås og Bjørn Inge Ruset. Ordførar i Stranda kommune Frank Sve (ikkje på biletet) var til stades i starten på pressekonferansen. Foto: Anneli Rem

For å følgje opp målsetjingane i tiltaksplanen for kulturlandskapet i verdsarvområda har Landbruks- og matdepartementet og Direktoratet for naturforvaltning sett av 2,225 millionar til verdsarvområdet i Geiranger.
Landbruksavdelinga i Møre og Romsdal skal forvalte midlane. Det gjer dei med tosidige avtalar som dei inviterer kvar einskild gardbrukar til å inngå.

Unik ordning
– Det er ein gledens dag, sa ordførar og styreleiar i Verdsarvområdet Geiranger, Bjørn Inge Ruset, då han opna pressekonferansen på Hotel Union tysdag.
Etter eit langvarig arbeid har dei kome fram til det dei kallar ei unik ordning, som skal støtte landbruksdrift i verdsarvområdet.
Invitasjonar er sende til aktive bruk i verdsarvområdet og bruk som ligg i randsona og som har beitedyr inn i dei aktuelle områda.
– Tilbodet gjeld kring 60 bruk. Av desse ligg åtte bruk i sjølve verdsarvområdet, sa Anne Berit Løset, landbruksdirektør i Møre og Romsdal fylke.

– Godt betalt
I avtalen gardbrukarane kan inngå, kan dei få arealtilskot, beitetilskot og investeringstilskot. Arealtilskotet er delt inn i tre klasser: lettdrive, tungdrive og svært tungdrive jordbruksareal. Og støttenivået er førebels sett til 400 kroner, 800 kroner og 2000 kroner per dekar.
For beitetilskot er det gjort to inndelingar. For bruk med driftssenter innafor verdsarvområdet er satsane førebels 300 kroner per småfe og 1500 kroner per storfe og hestar som beiter. For bruk som har driftssenter utanfor verdsarvområdet, men som har dyr på beite innanfor, er førebels satsar 100 kroner per småfe og 600 kroner per storfe.
– Dei som driv og skjøttar kulturlandskapet i verneområda, skal få ekstra betalt for det. Areal som er særleg tungdrive og krev mykje arbeid, skal vere tilsvarande godt betalt. Støtta skal spegle arbeidsinnsatsen, sa Løset.

Lag og organisasjonar
Lag eller foreningar som vil gjere eit stort arbeid på fråflytta gardar kan også inngå avtale med fylket.
– Storfjordens venner er ein slik viktig organisasjon som først og fremst har teke vare på bygningar på dei fråflytta fjord- og fjellgardane, sa Anne Berit Løset, som gav grønt lys for alle som driv arealskjøtsel, både med og utan dyr.
Karl Mjelva tok ordet og ville minne om at det har vore arbeidd med verdsarvprosjektet i lang tid. Mjelva ville framheve Arne Sandnes for den innsatsen han har gjort i dette arbeidet, og karakteriserte han som ein viktig døropnar i denne samanhengen.

– Stor dag
Gardbrukar Arnfinn Westerås syntest det var ein stor dag. Han ser støtta som ei premiering for innsatsen bøndene legg ned.
– Det har vore mange møte og prosjekt. Eg har ikkje alltid hatt tru på at det skulle kome noko ut av arbeidet, men no har det gitt resultat og eg trur dette er ei god ordning, sa Westerås, som håper dette kan vere med å inspirere neste generasjon til å drive og skjøtte kulturlandskapet vidare.
– Eg har håp om at komande generasjonar vil sjå nytten og at det er råd å få igjen for innsatsen som blir lagt ned, sa han.
Westerås takka alle som har vore med på arbeidet og sa han håpa at dette kan bli ei varig og føreseieleg ordning.
– Restriksjonane i landskapsvernet legg begrensingar på drifta og innteninga, men det er vanskeleg å gjere eit reknestykke på kor stort tapet er. Støtta ved å inngå ein avtale vil kompensere. Alternativet for meg hadde vore å leggje ned gardsdrifta, sa Westerås.
Ordninga skal evaluerast i 2010. For neste år er det løyvt to millionar kroner. Utbetalingane vil bli betalt i inneverande år for dei som inngår avtale med fylket.