– Dans midt på lyse dagen går det an då?

Førre fredag var Oddrun Eidem og Solveig Arctander frå Sykkylven på besøk på Kraftsenteret for å fortelje og vise kva seniordans er.

23. oktober 2008
Anneli Rem

Først ville dei berre sjå på, men etter kvart prøvde dei fleste seg i danseringen.
Foto: Anneli Rem

– Kvar er karane då? Trur dokke at dei kjem? Nei, langst i frå, trur ikkje dei torer det. Dei er sikkert låke ein kvann stad.

– Blir glad og opplagd
Kommentarane var mange, og smila og latteren sat laust mellom dei frammøtte på Kraftsenteret. Stemninga var litt spent, for dette var nytt for kvinnene frå Valldal og Fjørå pensjonistlag, som hadde møtt opp for å få innføring i seniordans.
– Vi vart spurt om å kome for det er kanskje interesse for å få i gang ein ring her. Vi skal vise litt, høyre på musikken og danse litt, seier Solveig Arctander, som har teke fleire kurs og synest det er kjempeartig.
– Alle som er med, skryt av det, over kor glad og opplagde dei blir, seier ho.

Grip om seg
Kvinnene sit samla og koser seg med kaffi og sveler. Leiar i pensjonistlaget, Vesla Rem, ber Oddrun Eidem fortelje litt slik alle får høyre.
– Seniordans Norge har om lag 10.000 medlemmar, men det grip om seg og talet aukar fort. Det dukkar stadig opp nye grupper, seier Oddrun, som dansar kvar torsdag med ringen i Sykkylven.
Medlemmane er frå 55 år og oppover til over 80 år.
– Vi er ikkje ute etter supre prestasjonar, men å mosjonere og å ha det triveleg i lag, seier ho.

Introduksjonskurs
Seniordans Norge held kurs kring om i heile landet.
– Du lærer ein ny serie med dansar for kvart kurs og CD følgjer med. Det blir halde kurs på ulike nivå med jamne mellomrom. Du startar med grunnkurs og etterpå kan du gå vidare med påbyggingskurs: grønt, gult, blått og til slutt rosa, fortel Oddrun.
Det vert arrangert fylkessamlingar, landssamlingar og turar både innlands og utlands. Den 24. november skal det vere fylkessamling på Sjøholt.
– Det er veldig sosialt. Dei ulike gruppene møtest og blir kjende med kvarandre. Det er mykje ein kan vere med på dersom ein har lyst, seier Oddrun.
Ho fortel at dansen starta opp i Tyskland, av aktivitørar på eit eldresenter og vart først tatt i bruk på institusjonar. No har det utvikla seg og det finst dansegrupper i mange land.
Dansane byggjer på folkedans, men i enklare utgåver.
– Tanken er at det skal vere ei danseform slik at folk med handikap, som problem med til dømes konsentrasjon og balanse, hofte- og kneproblem, eller dei som ikkje har full førlegheit, også kan delta, seier Oddrun.

Ringdans
Seniordans er ikkje pardans. Det går føre seg mest i ring. Vi går ut av ringen, inn i ringen, vi passerer kvarandre. Vi har ulike steg; byttomfotsteg, valsesteg, gåsteg og sidevegssteg. Instruksjonane er veldig greie, det er ingen som steiler over det. Stega er slik at alle greier det, seier Oddrun som har lyst å setje på musikk og få med dei andre på dansen.

Kanskje på kurs
Praten tøyer opp att mellom kvinnene, no skal dei ned i kjellaren og prøve seg på nokre danseturar. Eg lurer på om dei trur dei kjem til å starte med ein ring her. Det er ikkje nokon som er
heilt sikker, men dei har lyst til å sjå.
– Vi må høyre om det er nokon frå pensjonistlaget som har lyst til å gå på kurs, seier Vesla Rem, som tykkjer det høyrest kjekt ut.
– Det er ein fordel at det er fleire som tek instruksjonskurs, råder Solveig.
– Kanskje vi kan reise til Ørskog å sjå på? seier ei, og fleire verkar interessert.
– Ja, det gjorde eg første gongen, seier Solveig.
– Å, det er veldig kjekt når ein byrjar å få det til.