| 30 unge frå 13 til 19 år møtte opp på møtet i Grendasalen, der folkehelsekoordinator Bjørg Moltu saman med kulturkonsulent Hallgeir Hove ønskte alle velkomne med pizza og brus. Til stades var også ordførar Charles Tøsse og varaordførar Jonas Falch, og representantar frå ungdomsrådet i Ørskog.
Rolla
Ordførar Charles Tøsse som tykte det var positivt at så mange møtte opp, orienterte mellom anna om kva rolle ungdomsrådet skal ha, gratulerte med dagen og ynskte lykke til med arbeidet.
I Ørskog har dei hatt ungomsråd sidan 1995, og dei to representantane derifrå fortalde møtelyden om sine erfaringar med ungdomsråd i Ørskog, før dei fem representantane i ungdomsrådet i Stordal vart valde.
Samansetjing
Ungdomsrådet skal vere samansett av tre representantar valde av og blant elevane på ungdomsskulen og to representantar valde av og blant ungdomsgruppa 1619 år.
Det vart eit spennande val, der det måtte omrøysting til i fleire omgangar før ein endeleg hadde alle representantane klare.
Frå ungdomsgruppa 16-19 år vart Lars Eivind N. Joranger og Ida Moltu Staurset valt, medan Eline Vinje, Kristoffer N. Joranger og Erika H. Tøsse vart valt frå ungdomssteget (8-10. klasse).
Innspel
Hallgeir Hove og Bjørg Moltu nytta også høvet til å få innspel om korleis ungdommen tykkjer det er tilrettelagt for unge i Stordal, kva som fungerer bra, kva som kan verte betre og kva dei saknar.
Det kom her fram mange gode innspel som det nyvalde styret i ungdomsrådet kan ta med seg vidare i arbeidet sitt. Gjennom ungdomsrådet kan ungdom ta opp saker, og legge desse fram for politikarane og administrasjonen i kommunen. Ungdomsrådet skal òg vere eit høyringsorgan for kommunestyret, og leiar og nestleiar i ungdomsrådet har forslags- og talerett i kommunestyret. Ungomsrådet skal også vere dei unge sine representantar i styret for Stordal Ungdomsklubb.
|
|
|