Fekk bygdeutviklingsprisen

Tysdag var styret i Innovasjon Norge Møre og Romsdal på Petrines Gjestgiveri for å dele ut Bygdeutviklingsprisen 2008 i Møre og Romsdal. Prisen gjekk i år til The Happy End i Norddal.

30. oktober 2008
Britt Ingunn Maurstad

Petter Melchior tok imot sjekken på vegner av The Happy End. Her saman med Kirsti Indreeide frå Petrines Gjest-giveri og Per Kibsgaard-Petersen, styreleiar i Innovasjon Norge Møre og Romsdal.

Næringsorganisasjonen The Happy End vart stifta i 2004. Alle som anten bur i eller driv næring i bygda kan verte medlemmer. I dag er dei så mange som 13 medlemsbedrifter.

Skryte, selje, samarbeide
Visjonen er “Oss skal vise dei oss” og mottoet er “skryte, selje og samarbeide”. Gjennom dette er målet å skape aktivitet og arbeidsplassar i bygda. Dei 13 bedriftene marknadsfører seg under ein felles logo, og det gjev samhald og ein felles identitet.
Det vart ein triveleg stund på Petrines Gjestgiveri tysdag ettermiddag. Ingunn Linge Valldal opna gildet med fela si, ho spela medan lunsjbuffeten vart fylt med mat. Det var mykje godt på lunsjbordet, alt produsert lokalt av medlemmane i The Happy End.

50.000 kroner
Etter lunsj var det utdeling av prisen, eit diplom og 50.000 kroner. Det var styreleiar i Innovasjon Norge Møre og Romsdal, Per Kibsgaard-Petersen, som delte ut prisen. Juryen og styret i Innovasjon Norge Møre og Romsdal har i valet sitt lagt vekt på følgjande: At The Happy End har sikra eksisterande arbeidsplassar og skapt nye, mange av desse for kvinner og ungdom; at The Happy End har fokus på berekraftig utvikling, i og med at dei ligg i verdsarvområdet; og at medlemmane utnytter lokale råvarer og ressursar. The Happy End motiverer bygdefolket til å tore å satse på næringsutvikling med dei ringverknadene det fører med seg.

I landsfinalen
Etter prisutdelinga viste Petter Melchior ein presentasjon av The Happy End – ei reise i ord, tonar og bilete som viste The Happy End frå idéstadiet og fram til i dag.
Alle dei regionale prisvinnarane deltar automatisk i landsfinalen. Kanskje vert det meir heider og ære til næringsorganisasjonen i Norddal?