Storbesøk til storøvinga |
||||||||
![]() |
Justisminister Knut Storberget, statssekretær Terje Moland Pedersen og politidirektør Ingelin Killengreen var ein snartur innom Valldal under siste dag av øvinga Tyr. | |||||||
|
||||||||
Justisminister Knut Storberget helsar på kriseleiinga i Norddal kommune.
|
||||||||
| Dei landa med Politi-helikopter utanfor rådhuset i Valldal onsdag føremiddag. Justisminister Storberget hade lagt merke til alle ungane i barnehagen som stod og såg på det sjeldne besøket, så han tok like godt ein svipptur bortom for å snakke med ungane. Raset Gjestene var først ein tur innom kontoret til ordførar Bjørn Inge Ruset før dei besøkte kriseleiinga som sat i kommunestyresalen. Leiar for den kommunale kriseleiinga, Viktor Valdal, fekk i oppdrag å informere om situasjonen i øvinga. Han kunne fortelje at raset hadde gått rundt klokka ni denne morgonen. Det var store materielle skadar, men ingen liv hadde gått tapt så langt dei kjende til. Det var framleis fare for fleire ras. Straumforsyninga var ute av drift. Det same var telefonsambandet. Dei mangla politifolk til Førå og Tafjord. Derfor måtte folk frå Tafjord Kraft setjast inn. Trollstigen vart opna og det vart henta medisinar frå Rauma. Det var også planlagt folkemøte rundt om i dei ulike bygdene. Justisministeren ville vite kvar knekkpunkta er i ein reell situasjon. Viktor Valdal svarte at det er spesielt utfordrande å sile informasjon og at kommunikasjonen er viktig. Han sa at dei har eit godt samarbeid med politiet. Dessutan har dei fått øvd på kva dei ulike etatane skal gjere og fått det til å fungere. Politidirektør Ingelin Killengreen ville vite om rollefordelinga er grei, og fekk til svar at det er ho. Lensmannsbetjent Johan Arnt Overøye peika på at han ikkje har utstyr til å følgje med på fellesloggen. Han har ikkje berbar datamaskin tilgjengeleg. Utvikling |
||||||||