Stordal IL feira 90 år

Med så godt som oppfylt Stordalshall kunne programleiar Anne Berit Løset ønske bygdefolk og andre velkomne til jubileumsfest laurdag kveld.

6. november 2008
John Kristian Hjelle

Frå venstre Petter A. Buseng-dal, Odd Kvammen og John K. Hove freista å gjenskape stemninga etter vel gjennomført krinsmeisterskap i alpint i Jøsvollbotn i 1948, akkurat nedkomne til tunet på Jøsvoll etter ei veke i Jøsvollbotn med trakking av utfor- og slalåmløyper.


Med leiar Vigdis Hove Øie i spissen var det mange som hadde arbeidd i lang tid for å få i stand denne festen, som ei avrunding av ulike aktivitetar i jubileums-året.

Skjemt og alvor
Festen var lagt opp som ein god, gammal bygdafest med program, mat og dans. Programdelen var ei fint balansert blanding av skjemt og alvor, både med innlagde historiske tilbakeblikk og glimt frå notida.
Bjørg Moltu hadde skrive ein prolog som ho sjølv las. Der ho kom inn på både historiske og notidas aktivitetar i laget med illustrerande bilde på stort lerret ved sida av. Etter dette song Jenny Kristin Langlo ein song skriven av Leif Dybdal, med Svein Terje Barstad på gitar.

Innom fleire idrettsreiner
Petter A. Busengdal, Odd Kvammen og John K. Hove var på scena attende i 1948 etter krinsmeisterskapet i alpin i Jøsvollbotn før ein spesiallaga film med både gamle og nyare filmopptak og bilde vart vist på stort lerret. Magne Tøsse hadde skrive og lese inn kommentarar til filmen.
Etter dette var Petter A. Busengdal på scena att, denne gongen saman med Svein Sæter for 40-50 år sidan i skogen/den tidas garderobe rundt den gamle bana på Mo etter ein fotballkamp. Dei bytte om i buskene etter eit durabeleg nabooppgjer med ørskogbygdarane. Eit av tema dei diskuterte var dei dårlege tilhøva på Mo-bana. Men det var ikkje frakt i Norddal heller, meinte dei. Dei mintes at det stod ein stor stolpe midt på prestemarka, som var bana, og at ein norddaling ein gong sprang rett på han. Han reiste seg opp att, men var så forfjamsa at han ikkje var sikker på kva veg han spelte, og tok ballen og skora feil veg. Stordal vann kampen 1-0, og det var visst første gong Stordal vann ein fotballkamp i Norddal.
Ole Hermann Busengdal fekk så fart i publikum med ein fotballsong i sambatakt, før brødrene Adrian og Claus Hoff framførte ein sketsj der den einaste tilsynelatande attlevande medlemmen av dei som starta opp idrettslaget, synte seg å vere ein forkledd representant frå Norges Orienteringsforbund.

Song for dagen
Songkoret Femininas frå nabobygda Liabygda song fleire songar, der to hadde tekst skrive for høvet, før Harry Tøsse som ”Turbo”, den første som fekk seg spikartelt på Overøye, gjorde seg ein del betraktningar og las opp eit sjølvskrive dikt.
Siste programinnslaget var det Ole Hermann Busengdal og ei rekkje born frå idrettslaget som stod for. Med idrettsklede på frå ulike idrettar og med fotballar og ski i hendene, framførte dei ein song skreven av Bjørg Moltu.

Helsingar
– Eit verdig punktum, konkluderte programleiar Anne Berit Løset før det var tid for helsingar og blomsteroverrekkingar.
Sindre Helland gratulerte og overrekte ei innramming med eit fotografi av Stordal sitt fotballag frå då dei var med på opning av Tresfjord stadion i 1949, saman med eit par fotballstrømper som han sjølv hadde hatt liggande i ein skuff sidan 1960-talet.
Leiar Vigdis Hove Øie fekk blomster på vegner av laget frå Anne Berit Løset, og Karl Øvrebust fekk blomster frå alpinmiljøet, ved Magne Tøsse, for sin årelange innsats på Overøye.
– Eldsjeler er viktig når ting skal gjerast. Desse er ofte slike som jobbar i kulissane og som sjeldan vert nemnde i avisreportasjer og liknande, sa Magne Tøsse, før han fekk Karl Øvrebust opp på scena til ein fortent hyllest.
Anna Margrethe Drægebø Moe og John Kristian Hjelle fekk takk for sin innsats for å få laga til jubileumsutgåva av magasinet Stordalingen. Alle leiarane av dei ulike undergruppene i idrettslaget som var til stades, vart ropte opp på scena og presenterte, før programdelen vart avslutta.

Bacalao
Til mat vart det servert bacalao, der ein gjeng med karar med Leif Rune Vinje i spissen hadde stått over grytene og stod for serveringa. Etter maten var det dans til ut i dei små timar med gruppa Free Bird frå Sykkylven. Ein vellukka bygdafest og ei verdig avrunding av jubileumsåret for Stordal IL.