| Dette kan nok dei fleste som kjenner 46-åringen frå Dyrkorn, skrive under på. Det er vel knapt noko som skjer på Dyrkorn utan at han på ein eller annan måte er involvert, i tillegg er han aktivt med på ting som femnar heile kommunen. Tidlegare dreiv han nokre år med baneskyting og gjekk på jakt, men dette har han måtte kutte ut på grunn av tidsklemma.
Dugnad og frivillig innsats
Han var i si tid dugnadsleiar ved bygginga av Stordalshallen, og er elles alltid mellom dei som stiller på når det er snakk om dugnad. Dyrkorn Vassverk vart også i stor grad bygt på dugnad, og ikkje overraskande heiter formannen i laget Rune Støversten. Han er politisk aktiv, og representerer Høgre i kommunestyret. Der sit han i sin andre periode, han sat der også mellom 1999 og 2003. Gjennom dette er han kommunen sin representant i styret for Ørskog Energi. Han sit i hovudstyret i Stordal IL, som ein av tre direkte valde til dette. Der sit han som økonomiansvarleg, og det er 10. året på rad han har dette vervet i idrettslaget, der han hovudsakleg har jobba med medlemsskap og økonomi generelt. I tillegg til han er også leiar og nestleiar direkte valt inn i hovudstyret. I løpet av desse ti åra har ulike folk gått inn og ut av desse posisjonane, medan Rune har vorte sitjande. Utanom desse tre direkte valde er det representantar frå dei ulike undergruppene som sit i hovudstyret.
Arena Overøye
Noko som tek mykje av tida hans, spesielt no før snøen kjem (men også etter at den endeleg er komen) er jobben som dagleg leiar av Arena Overøye. Underteikna får det inntrykket at han ofte berre er ein snartur innom sambuar Ingvild heime på Dyrkorn på veg frå jobb og smør seg eit par brødskiver før han set kursen for alpinanlegget øvst i Stordal. Der er det alltid eit eller anna som skal gjerast.
Då vi snakka med Rune måndag kveld, var han travelt opptatt med å kople til vatnet til varmestova før snøen kjem, djupt plassert nede i ei grøft med rørleggartong og koplingar.
Vi er i full gang med å førebu sesongen, seier han engasjert.
Vi har jamna til, planert og betra nedfarten generelt, og spesielt laga betre trasé for fartsdisiplinane. I år har vi også utvida skiutleiga med mykje meir nytt utstyr, og særleg oppgradert utstyret for dei yngste. Vi held også på å tilpasse billettsystemet til den nye ”Alpepass”-ordninga (”Alpepass” er eit felles heiskort, som gjeld for fem utvalte destinasjonar på Vestlandet, journ. anm.), og har oppgradert betalingsterminalane for å gjere betjeninga raskare. Vi har også laga det til slik at ein kan kjøpe seg kort på same stad og samstundes som ein leiger seg ski, legg han til.
30 år i møbelindustrien
Rune Støversten er i dag tilsett som anleggsleiar i Busengdal Transport, eit relativt stort sceneskifte for ein med fagbrev som møbeltapetserar og 30 år bak seg i møbelindustrien i Stordal.
Han hadde eit opphald frå arbeidet på møbelfabrikk då han var eit halvår som FN-soldat i Libanon i 1985-1986 (det var der herverande journalist trefte Rune første gong, etter å ha høyrt at soldaten som sat bak maskingeværet på ein eskortebil, snakka sunnmørsdialekt). I Libanon gjorde han teneste i vakt- og eskortetroppa.
Det var ei veldig tøff teneste med mange episodar som lett kunne ha ført gale av stad, men vi greidde å ro oss ut av det. Det halve året som FN-soldat var ei oppleving og ei bra erfaring å ta med seg, men det var nok med eit halvt år, fortel han.
Arbeidslivet begynte for Rune hos Aarflot Møbler i 1977, der han jobba både med trekking, pakking og lakkering før han flytte over til Hove Møbler sommaren 1996 der han tok til som formann på lakkavdelinga. Dei påfølgjande åra fekk han etter kvart ansvaret for både maskinsnikkaravdelinga og laminatavdelinga, og siste tida var han produksjonsplanleggar. I 2007 skifte han beite totalt. Hos Busengdal Transport fekk han sin elddåp som anleggsleiar på tampen av oppføringa av den nye kunstgrasbana, og etter det som ein av anleggsleiarane ved utbygginga av spolebasen på Vigra.
|
|
|