Det er ufatteleg, seier Linda og Geir Arne Myren, som står og ser på det utbrende huset, i morgontimane etter brannen.
Dei vart vekte av ein nabo som hadde fått telefon frå jegerar som sat oppe i Alstadmarkane på måneskinsjakt.
Kraftige smell
Det er rart vi ikkje vakna, seier Linda Gjerde Myren, for det var kraftige smell frå vindaugsruter og anna som eksploderte av varmen.
Det var lite flammar, men inne var heile huset overtend, og det velta ut med røyk, fortel ho.
Det var ikkje råd å tenkje på å berge ut noko som helst, seier Geir Arne Myren. Dei to er glade og letta for at verken menneske eller dyr var råka.
Historisk verdi
Den 300 år gamle Elen-stova var fullt møblert, med kjøkken, stove og soverom, og vart brukt til gjestehus på garden deira.
Det var ein del gamle møblar og utstyr som gjekk tapt. Det har nok ikkje så stor verdi i pengar, men for oss hadde det ein stor historisk verdi, seier Geir Arne Myren.
Heldigvis fekk brannvesenet berga “lisjefjøsen”. Det var berre minutt om å gjere før han kunne ha teke fyr, seier Linda Gjerde Myren.
Slo alarm
Brannvesenet fekk melding frå jegerane som såg brannen på om lag ein kilometers avstand.
Meldinga kom klokka 02.30, og vi slo alarm. Først trudde jegerane at det var eit bustadhus i Myra, seier brannsjef Lars Kjell Smoge, som etter kort tid fekk ny melding om at det var Elen-stova som stod i brann.
Vi rykte ut med elleve-tolv mann, seier Lars Kjell Smoge.
Klokka 02.55 var mannskapet på plass og tok til med slokkingsarbeidet.
Arbeidet gjekk utan vanskar. Vi hadde med vatn i tankbilen, og sløkkinga gjekk fort. Vi fekk berga uthuset som stod like ved. Det var ikkje håp for det andre, seier Lars Kjell Smoge.
Brannkorpset avslutta arbeidet klokka 06.30.
Ukjend årsak
Politibetjent Steven Blindheim opplyser at politiet har konkludert med at brannårsaka er ukjend.
Vi hadde fleire teoriar, men fordi huset var så nedbrend, var det vanskeleg å stadfeste noko årsak, seier Blindheim.
Det var straumtilførsel i huset, men Blindheim stadfestar at brannen ikkje hadde noko med det elektriske å gjere. Dei andre teoriane såg han ingen grunn til å kome inn på.
|
|
|