| Møbelfabrikken Hjellegjerde må kutte 70 millionar kroner i utgifter neste år. Det kan bety at mellom 20 og 30 årsverk vil bli borte ved fabrikken i Sykkylven. Det vil også bli vurdert å flytte avdelinga i Stordal til Sykkylven, men det er ikkje teke noko endeleg avgjerd på det.
Laminat
Hove Møbler i Stordal er laminatavdelinga til Hjellegjerde.
Ottar Røren forklarer at reduksjonen på fem tilsette i løpet av neste halvår skjer for å tilpasse dei behova Hjellegjerde har. I dag leverer dei laminat til tre andre kundar også.
Korleis er stemninga?
Ho er sjølvsagt ikkje heilt på topp når det er snakk om reduksjonar, men samstundes har det over lang tid nesten vorte ein dagleg vane for oss å ta imot slikt. Slike signal har kome med visse mellomrom. Eg trur framleis at vi blir verande att, seier Røren.
Tek folk til å sjå seg om etter anna arbeid?
Det er klart at dei reduksjonane vi har hatt, har vore ein nokså mjuk overgang. Det har gått bra utan store reaksjonar.
160 tilsette
Då Hjellegjerde tok over Hove Møbler frå 1. januar 1998, var det om lag 160 tilsette. Då var det full fabrikk med produksjon i alle ledd, heilt til ferdige møblar. Sidan har det gått berre nedover. Nokre har gått over til andre møbelfabrikkar, og etter at Vad starta opp, var det mange som gjekk over dit.
Venste og sjå
Røren seier dei berre vil vente og sjå kva som skjer, men dei vil stå på og jobbe. Akkurat no er det lite å gjere, fordi dei har opparbeidd eit lager. Ved å redusere arbeidsstokken med fem personar, vil dei kome ned på det nivået som det skal vere. Av dei som skal slutte ved Hove, er det nokre som flyttar over til avdelinga i Sykkylven og nokre som blir pensjonistar.
Kompetanse og kostnad
Vi får tru at vi kan halde på arbeidsplassane i Stordal, seier Røren.
Han fortel at det allereie i sommar var sonderingar for å finne ut kva det vil koste å flytte laminatavdelinga til Sykkylven utan at det har kome nokon konklusjon. Sjølv trur han dette vil koste så mykje at det ikkje vert aktuelt.
Eit anna spørsmål er om folk frå avdelinga i Stordal vil vere med til Sykkylven. Det krevst fagkompetanse å jobbe på denne avdelinga, og opplæring av nye folk vert også ein kostnad.
Leiger
Tidlegare var det Hjellegjerde som eigde fabrikkbygningen dei held til i i Stordal, men fabrikken vart seld til Vad no i sommar. No leiger Hjellegjerde lokala, dermed er det sjølvsagt lettare å flytte ut.
Arbeidsmarknad
Røren seier at siste åra har det vore ei lukke at det har vore behov for mykje arbeidskraft. Med dei økonomiske tidene som er no, vert det vanskelegare å få anna arbeid. Bedriftene er meir avventande og ser føre seg stagnasjon.
Vi veit kva vi har og vil kjempe for det, seier han og minnest tilbake til tider med både protesttog og mykje rabalder.
Om tidene vert dårlegare, reknar han med at organisasjonane kjem meir på bana og kjempar for rettane. Pressgrupper vert danna om bølgjedalen vert langvarig.
Ikkje for seint
Røren meiner at sjølv om Hjellegjerde slit og har liten eigenkapital til å møte finansuroa med, treng det ikkje vere for seint. Om dei lukkast med å reise kapital, kan dei utvikle ei god drift. Det har vore brukt mykje pengar på å effektivisere drifta. Om dei får betalt for dei pengane som har vore investerte, trur han det kan gå rette vegen også for Hjellegjerde, men det må skje fort.
Ottar Røren har vore tilsett i administrasjonen ved Hove Møbler sidan 1966.
|