| Det er nokre av problemstillingane elevane på mellomsteget ved Eidsdal skule jobbar med denne veka.
Prosjektveke
Lærar Tone Løvoll Kleiva fortel at dei jobbar utifrå naturvitskapleg forskingsmetode, og dei jobbar i grupper på to og tre elevar. Kvar av dei åtte gruppene fekk sine problemstillingar å arbeide med.
Arbeidet skal gje minst to resultat. For det første skal dei lære metoden. For det andre skal dei presentere resultatet, både gjennom veggavis og munnleg presentasjon.
Problemstilling
Først måtte dei finne ut kva den eigentlege problemstillinga var, kva dei skulle finne svar på, og gjerne finne andre spørsmål knytt til same tema. Dei skulle lage fleire hypotesar og finne mulige forklaringar. Sidan måtte dei lage ein plan for korleis dei skulle gjennomføre undersøkinga.
Kvifor?
Og problemstillingane var mange, her er nokre av dei: Kvifor myglar maten? Kan vi ete mugg? Er det skilnad på ulike matvarer når det gjeld å mygle? Kan alle bli like flinke i skulefag? Korleis lærer ein best? Er det skilnad på egg når det gjeld knusing? Kvifor er isen så glatt? Kvifor flyt enkelte ting medan andre synk? Blir alle farga klede like varme i sola? Kvifor vert det ”hybelkaninar”? Fell alle ting like fort når vi slepper dei?
Ulik form
På ein stad finn vi Torkjell Rønneberg og Adrian Indreeide som har fått i oppgåve å finne ut kvifor noko flyt og anna ikkje. Under førebuinga fann dei ut at dei skulle lage ulike figurar av kitt. Så langt i prosessen hadde dei funne ut at dersom dei laga ein klump om til ein båt med rom i, vil han flyte. Båten kunne til og med ha ei kule på 50 gram oppi og likevel flyte, medan sjølve kula sokk med ein gong. Men dersom kula hadde eit hol inni, kunne ho flyte.
Er det kjekt?
Ja, det er både kjekt å lage ting av kitt og å finne ut korleis det verkar, seier dei to.
Eggeskal
Ved eit mikroskop finn vi Nikolai Melchior Ytterdal, Jonas Hesthaug og Victoria Indreeide. Akkurat no driv dei og finn ut om det er skilnad på eggskal frå egg som er kjøpte i butikken og ”heimelaga” egg.
Dei kan med ein gong slå fast at det er kjøpeegga som har tjukkast skal. Same resultatet fann dei då dei testa kor lett knuselege egga var. Dei skal også finne ut om det er skilnad på kvite og brune egg.
|