– Totalt sett godkjent

I europacuprenna førre helg gjekk Hans Martin Gjedrem inn til ein 3. plass på laurdag, og ein 5. plass på søndag.

4. desember 2008
Anneli Rem

Hans Martin Gjedrem er nøgd med innsatsen i dei første europacuprenna i Idre i Sverige, men resultata heldt ikkje til verdscup-uttak i første omgang. Foto: Jan Ole Fuglem

– Totalt sett godkjent, seier Hans Martin Gjedrem til Storfjordnytt om eigne prestasjonar i IBU-cupen i Idre i Sverige førre helg. Begge dagane var det 10 kilometer sprint som sto på programmet.

Stigande form
– Eg føler at forma er stigande. Eg fekk høyre at eg hadde
beste langrennstid totalt på begge løpa. Det er framgang på skytinga også. No hadde eg meir kontroll på standplass, og det er nivåheving frå det eg presterte på opningsrenna på Beitostølen, seier Hans Martin Gjedrem.
På laurdagens sprint hadde han fullt hus på første skyting, men på andre skyting fekk han to bom. Det heldt til ein tredjeplass, 20,5 sekund bak vinnaren. Det var sterk norsk innsats, og laget hadde fem plasseringar blant dei ti beste.
På søndag hadde Hans Martin Gjedrem ein bom på begge skyteseriar. Tida bak vinnaren vart 30,2 sekund.
– Det er eit sterkt E-cup lag, og nivået er bra. Dei som var føre meg, er etablerte løparar i verdenscupen, seier han.

Verdscup før jul
World Cup 1 opna i Østersund i Sverige i går. World Cup 2 og 3 er i Hochfilzen i Østerrike påfølgjande veker.
– Eg håper å få gå ein verdscup før jul. Dersom eg er maks heldig, kan det bli deltaking i alle tre, med det er små sjansar for det, seier han.
Tysdag reiste han til Østerrike for å trene saman med europacuplaget. Planen er å vere der i to veker, til neste europacuprenn i Obertillach.
Med gode løp og resultat der kan det bli deltaking i World Cup 3 i Hochfilzen 17.–21. desember.
– Eg har meir inne enn eg har fått ut til no. Held framgangen fram, håper eg snart å plukke alle blinkar, avsluttar ein offensiv Gjedrem.