Den rasfarlege strekninga mellom Norddal og Eidsdal har vore omtala i mange år.
Folk er redde dagleg når dei ferdast der. Sjølv om faren aukar ved store nedbørsmengder, er det aldri trygt, seier Unni Bjørnstad.
Ho meiner det er berre flaks at menneske ikkje har kome til skade der til no.
Stadig ras
Vegen er stort sett open, men det går hyppige ras, enten det er, jord, stein, is eller snø, seier Bjørnstad, som har inntrykk av at skuleborna som tek buss fram og tilbake i allslags vêr, også er redde og engstelege.
Det er skremmande å bu slik til at ein ikkje kan ferdast trygt, og ved ei slik hending kjenner ein ekstra mykje på det. Det å kome i ein situasjon der bygda er isolert, fører også til ubehag og problem. No gjekk det skyssbåt. Likevel er det ingen heldig situasjon for oss som bur her, seier Bjørnstad, som håper kommunen vil leggje trykk på fylkeskommunen og Statens vegvesen for å få ting til å skje.
Det einaste sikre
Bygdeutvalet tok kontakt med kommunen om rasfaren i Norddalsstranda første gong i 2004. Då ynskte vi at saka vart sett i fokus og at det vart rassikring, fortel Bjørnstad.
For eit og eit halvt år sidan var ho med dåverande ordførar Arne Sandnes på eit møte med Satens vegvesen om situasjonen, og ho har vore med å fronte saka i media.
Geologar var på synfaring i Norddalsstranda våren 2008. Då vart det raskt stadfesta at det einaste som ville tryggje strekninga, er tunnel. Andre tiltak, som isnett og rasoverbygg, har vore diskutert.
Tek saka innover seg
Bjørnstad har inntrykk av at ordføraren tek saka på alvor.
Det er positivt at Bjørn Inge Ruset engasjerer seg, og gjer det han kan i denne saka. Det set vi stor pris på, seier Unni Bjørnstad.
Ordførar Bjørn Inge Ruset seier at Norddalsstranda er av dei høgast prioriterte, rasutsette strekkje i kommunen.
Eg har bede administrasjonen ta med strekninga i arealplanen, når han blir rullert. Eg kjem også til å ta opp saka på formannskapsmøtet måndag. Så er det å håpe at fylkespolitikarane og Statens vegvesen vil ta saka innover seg, seier ordføraren.
|
|
|