Fredag hadde styret i fortidsminneforeininga si årlege juleavslutning. I år var ho lagd til Stordal, og før sjølve julemiddagen på Nilsgardstunet var det avtalt med Kristian Almås at han skulle syne styret rundt og orientere om Rosekyrkja, som fortidsminneforeininga tok over ansvaret for i 1908. Lite visste han vel om at det var nettopp han sjølv som var tiltenkt hovudrolla ved markeringa.
Vel innkomne i Rosekyrkja tok leiar i Fortidsminneforeningen på Sunnmøre, Thor W. Bjørlo, ordet. Han fortalde om Kristian Almås sin ueigennyttige innsats gjennom over 20 år, der han har sett etter og teke vare på Rosekyrkja, og samstundes har vore ansvarleg for guiding og omvising for turistar.
Institusjon
Du er i ferd med å verte ein institusjon i deg sjølv, sa han.
Bjørlo trekte også fram det arbeidet Kyrkjehola Kulturbeite gjer, der Kristian Almås er styremedlem og aktivt med.
Eg er glad for den jobben som vert gjort her, og for den suksessen som Kyrkjehola Kulturbeite har. Dette er ikkje berre for bygda, men for heile Sunnmøre, heldt han fram.
Lang og tru teneste
Fortidminneforeninga si heidersnål vert delt ut for lang og tru teneste, og til den som har utmerka seg. Thor W. Bjørlo fortalde at det ikkje er kvart år prisen vert delt ut.
Eg kika etter, og eit år har det til dømes vore tre utdelingar, eit anna ein, og eit tredje år ingen utdelingar. Vi behandla tildelingssaka på siste styremøte, og det var samrøystes vedtak på å dele den ut til deg, sa han til Kristian Almås før han sette nåla på jakkeslaget hans.
Gratulantar
Ordførar Charles Tøsse sa at han stilte seg først i rekka av gratulantar.
Rosekyrkja kom i rette hender då Fortidsminneforeninga overtok ansvaret for ho. Det er ikkje alltid ein veit å setje pris på all den frivillige innsatsen som vert lagt ned. Derfor er eg glad for at Kristian fekk denne prisen, heidersnåla er vel fortent, sa han før han også takka for innsatsen, gratulerte og overrekte ein blomsterbukett.
Kristian Almås takka så mykje for merksemda.
Dette var ei overrasking. Dette tok ei heilt anna vending enn eg trudde, sa han, før han tok fatt på det han eigentleg var førebudd på å gjere denne dagen, nemleg ei omvisning og orientering om Rosekyrkja
|
|
|