Stipend til Thea Marie Ytterdal

Den unge felespelaren Thea Marie Ytterdal fekk søndag ei overrasking då Valldal spelemannslag var på ein miniturné på sørsida søndag: eit stipend på 2.500 kroner.

11. desember 2008
Britt Ingunn Maurstad

Lærar Ingunn Linge Valdal i samspel med elev Thea Marie Ytterdal då Valldal spelemannslag var på miniturné på omsorgsbustadene i Norddal og Eidsdal.

Som Ingunn Linge Valdal sa då seansen byrja først på omsorgsbustaden i Norddal og så på omsorgsbustaden i Eidsdal:
– Vi spelar så mykje i Valldal, så det var på tide med ein miniturné i Norddal og Eidsdal også.

Spelemannslaget hadde eit variert program denne ettermiddagen. Det var valsar, reinlendarar, masurkaer og tangoar. På tangoen som heiter “Blåklokker”, la Erling Rødal frå seg fela og song i staden.

Stor overrasking
Men spelemannslaget hadde ei stor overrasking denne dagen. Det har seg slik at det i si tid var noko som heitte Storfjord strykeorkester. Dei hadde medlemmer frå kommunane rundt Storfjorden, men etter kvart måtte strykeorkesteret legge ned på grunn av manglande rekruttering. Men: Orkesteret hadde pengar på bok. Desse midlane ynskte dei skulle fordelast på talent i dei kommunane som hadde medlemmer i laget, eller rettare sagt, ungdom med interesse for og anlegg for strykemusikk.

– Ei som peikar seg ut
Etter ei vurdering har altså Norddal kommune ved kultursjef Aud Lindis Ødegaard kome med fylgjande uttale: “Etter ei vurdering ser ein at det er ein utøvar her i kommunen som peikar seg ut. Det er Thea Marie Ytterdal som har gått i lære hos Ingunn Linge Valdal i fleire år. Ho spelar saman med Valldal spelemannslag og har delteke på fleire kappleikar. Ho har vore med på fylkesmønstring til Ungdommens kulturmønstring og er ein flott representant for både kommunen og musikken.”

Stolte
Ingunn Linge Valdal seier at Valldal spelemannslag er stolte over å ha henne med seg og at ho på vegner av kulturavdelinga i Norddal kommune er stolt over å kunne overrekkje ein sjekk på kr 2500.
Ho vonar at sjekken vil gje Thea Marie inspirasjon til å utvikle seg vidare som musikar og at spelemannslaget vil ha glede av både henne og musikken hennar i åra framover.
Thea Marie sjølv visste ingenting om dette og vart storleg overraska. Ho seier ho er glad for tillitserklæringa ho er vist og at ho sjølvsagt vil halde fram med musikken sin.