Opnar for oppheving av byggjeforbodet

– Gjennom dei omfattande overvakings- og varslingssystema vi har i Åknes/Tafjord-prosjektet, er risikoen for liv og helse kraftig redusert, sier Magnhild Meltveit Kleppa.

18. desember 2008
Sissel Tiril Rem

Då det onsdag vart kjent at kommunal- og regionalminister Magnhild Meltevit Kleppa opnar for å oppheve byggjeforbodet langs Storfjorden, gjekk flagget til topps på Muritunet. Arkivfoto

Kommunal- og regionalministeren har nettopp motteke ein rapport frå Agenda om samfunnsøkonomiske kost-nytte-analysar. Rapporten blei presentert i møte med ordførarane frå kommunane langs Storfjorden onsdag 17. desember.

– Vil gå vidare
– Eg har etter grundige avvegingar i saka kome til at eg vil gå vidare med eit framlegg som opnar for bygging langs Storfjorden. På den eine sida må vi ivareta omsynet til samfunnstryggleik og tryggleik for menneska som bur og besøkjer desse områda. På den andre sida vil eit ”forbod” mot bygging vere avgrensande for utviklinga av lokalsamfunna, seier Kleppa.
Statsråden informerte ordførarane om at departementet no vil førebu eit framlegg til forskriftsendring til plan- og bygningslova. Framlegget vil på visse vilkår opne for å tillate bygging i områda langs Storfjorden.
Framlegget skal førebuast i samråd med fleire andre departement.

– Eg har som mål at forskriftene skal kunne tre i kraft i løpet av første halvår av 2009, sier Magnhild Meltveit Kleppa.

– Svært nøgd
Ordførar Bjørn Inge Ruset seier på telefon frå Oslo at han er svært nøgd med konklusjonen til kommunal- og regionalministeren.
– Rapporten frå Agenda er eintydig positiv på at det er uheldig å la eit byggjeforbod bli ståande. Muriparken som vart trekt fram, vil samfunnsøkonomisk tenast inn på 10–15 år.
Han seier at statsråden har teke omsyn til tryggingsarbeidet og dei store øvingane som har blitt gjennomførde både i 2007 og 2008.
– Ho sa at ho vil gjere det ho kan for vidare utvikling og trivsel langs Storfjorden. Konklusjonen blir at byggjeforbodet blir oppheva, men med mindre avgrensingar som sjukehus.
– Kva med hotell?
– Mi vurdering er at byggjeforbodet blir oppheva med unntak for bygging av til dømes sjukehus og omsorgssenter.
Ordføraren ser for seg å kunne starta tilbodsprosessen for bygging av helsehus tidleg på nyåret, og viser til at statsråden har som mål at dei nye forskriftene kan tre i kraft i første halvår 2009.