Julestemning i kyrkja |
||||||||
![]() |
Den tradisjonelle julekonserten i Stordal kyrkje vart avvikla sundag. Bygdas musikk- og songkrefter framførte i tur og orden julemelodiar både åleine, saman med kvarandre og publikum. |
|||||||
|
||||||||
Stordalskvartetten saman med dei flinke solistane Paula Løset Skodjereite og Oline Sofie Lunde frå Stordal Barnekor.
|
||||||||
| Konserten vart leia av dirigent Lars Kaggerud, og i tillegg til musikk og song var det også andakt ved Nils Beite. Dei som spelte og song på konserten, med andakt og allsong inn i mellom, var Stordal Skulekorps, Stordal Barnekor, Stordalskvartetten saman med solistane Paula Løset Skodjereite og Oline Sofie Lunde, koret Tonika, Kristofer Olai Stavseng på cello, Kristina Malene Stavseng på fiolin, og Stordal Hornmusikklag. Hornmusikklaget spelte også saman med songkoret Tonika med Roger Lillebø som solist. |
||||||||