|
Storfjordnytt
Nr. 47 torsdag 18. desember
Opnar for oppheving av byggjeforbodet
Gjennom dei omfattande overvakings- og varslingssystema vi har i Åknes/Tafjord-prosjektet, er risikoen for liv og helse kraftig redusert, sier Magnhild Meltveit Kleppa. Les meir
Julestemning i kyrkja
Den tradisjonelle julekonserten i Stordal kyrkje vart avvikla sundag. Bygdas musikk- og songkrefter framførte i tur og orden julemelodiar både åleine, saman med kvarandre og publikum. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 46 torsdag 11. desember
Heidersnål til Kristian Almås
Kristian Almås har fått heidersnåla til Fortidsminneforeninga for å ha hatt tilsyn med Rosekyrkja i over 20 år. Les meir
Stipend til Thea Marie Yttedal
Den unge felespelaren Thea Marie Ytterdal fekk søndag ei overrasking då Valldal spelemannslag var på ein miniturné på sørsida søndag: eit stipend på 2.500 kroner. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 45 torsdag 4. desember
Skremmande å bu slik
Det er flaks atter ein gong at det ikkje gjekk ut over folk, seier Unni Bjørnstad, leiar i Norddal bygdeutval, etter at det rasa på nytt i Norddalsstranda. Les meir
Totalt sett godkjent
I europacuprenna førre helg gjekk Hans Martin Gjedrem inn til ein 3. plass på laurdag, og ein 5. plass på søndag. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 44 torsdag 27. november
Allsidige og flotte konsertar
Måndag og tysdag kveld var det tid for elevane ved kulturskulen i Norddal å vise kva dei har halde på med i haust. Les meir
Går vitskapleg til verks
Kvifor er ikkje alle elevar like flinke på skulen?
Kvifor blir alle egga så lett knuste? Les meir
Storfjordnytt
Nr. 43 torsdag 20. november
Elen-stova er borte
Den over 300 år gamle Elen-stova i Myra i Valldal brann ned natt til fredag. Les meir
Vurderer avdelinga i Stordal
I dag er det 15 tilsette ved Hove Møbler AS, som er Hjellegjerde si avdeling i Stordal. I løpet av første halvår neste år skal talet på tilsette reduserast med fem. I tillegg vil Hjellegjerde vurdere om dei skal flytte heile avdelinga til Sykkylven. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 42 torsdag 13. november
Ballbingen er oppe
Førre laurdag var det dugnad for å få opp ballbingen på Valldal skule. Søndag var han speleklar. Les meir
Ein engasjert kar
Det er to ting som karak-teriserer Rune Støversten: Han er og har vore engasjert i mange ulike saker, og han går med liv og lyst inn for det han er engasjert i. Å gå inn i ein diskusjon med Rune er å be om å verkeleg måtte gå i djupna på det ein tek opp. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 41 torsdag 6. november
Stordals IL feira 90 år
Med så godt som oppfylt Stordalshall kunne programleiar Anne Berit Løset ønske bygdefolk og andre velkomne til jubileumsfest laurdag kveld. Les meir
Haustfest på ungdomshuset
Førre torsdag hadde Ruggå 4H haustfest, og med-lemmane synte fram oppgåvene dei har arbeidd med. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 40 torsdag 30. oktober
Storbesøk til storøvinga
Justisminister Knut Storberget, statssekretær Terje Moland Pedersen og politidirektør Ingelin Killengreen var ein snartur innom Valldal under siste dag av øvinga Tyr. Les meir
Fekk Bygdeutviklingsprisen
Tysdag var styret i Innovasjon Norge Møre og Romsdal på Petrines Gjestgiveri for å dele ut Bygdeutviklingsprisen 2008 i Møre og Romsdal. Prisen gjekk i år til The Happy End i Norddal. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 39 torsdag 23. oktober
Ungdomsråd for første gong
Torsdag 16. oktober vart det første ungdomsrådet i Stordal valt. Les meir
Dans midt på lyse dagen, går det an då?
Førre fredag var Oddrun Eidem og Solveig Arctander frå Sykkylven på besøk på Kraftsenteret for å fortelje og vise kva seniordans er. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 38 torsdag 16. oktober
Millionstøtte til landbruket
4,4 millionar kroner er sette av til å ta vare på kulturlandskapet i verdsarvområdet, Vestnorsk fjordlandskap. Halvparten skal brukast i Geiranger-området. Les meir
Tjuvfiske på lam i Stordal?
Johan Øvrebust fekk seg ei overrasking då han skulle vege lamma i førre veke. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 37 torsdag 9. oktober
Fann kvarandre med flaskepost
Måndag 30. mai i 2005 sende Dalsbygda barnehage flaskepost. Måndag 29. september fekk dei brev tilbake. Les meir
Populær langrennshelg
Langrennsgruppa i Stordal IL arrangerte i helga treningshelg, og over 80 deltakarar fødde mellom 1993 til 1998 var med. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 36 torsdag 2. oktober
Fann sitt "paradis" på Hauge
Christine Strandmann er frå Ålesund, men har budd i Oslo dei siste 13 åra. I august tok ho spranget og flytta frå byen til bygda, noko ho har lengta etter. Les meir
13.000 år gamle spor
Sjølv om forhistoria nyleg er flytta på, har Astor Furset tankar om at det har vore folk her i endå eldre tider. Han meiner dei gamle fangstanlegga i distriktet tyder på at det levde folk her for kring 13.000 år sidan. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 35 torsdag 25. september
Satsar på musikken
Kristina Malene Stavseng fyller berre 15 år neste veke, men er allereie kjend for mange for fiolinspelinga si. Både aleine og saman med bror sin, Kristofer Olai, på cello. Når vi besøker henne for dette intervjuet, er det pianotonar som strøymer ut av huset i Hovsstranda i det vi stig opp trappa. Les meir
Over fjellet til Fjørå
Førre laurdag arrangerte trimgruppa i Valldal IL overgangstur frå Gudbrandsjuvet til Hauge. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 34 torsdag 18. september
Utvikling og idear i Tafjord
Tafjordfondet ynskjer søkjarar som har idear og planar som kan setjast ut i livet i Tafjord. Frå dei som fekk midlar dette året, byrjar fleire idear å ta form. Les meir
Ung helg med futt i
I helga vart det for andre gong arrangert Ung helg i Norddal kommune. No i Eidsdal. Det var ikkje mangel på oppmøte, for ungdommer både frå kommunane Norddal, Stordal og Stranda var til stades. Og alle såg ut til å kose seg. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 33 torsdag 11. september
Kulturkafé i Liabygda
Laurdag ettermiddag samla nesten alle liabygdarar seg på ungdomshuset. Dei starta med allsong og ord til tonar: “Å samlast er ei gledesak...” Spesielt ein skulle få noko å gle seg over. Les meir
Overstegsfinte i fokus
Tysdag kveld var det impulssamling i regi av Sunnmøre Fotballkrets i Stordal. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 32 torsdag 4. september
Den nye reiselivssjefen
Måndag 30. juni, midt i den mest hektiske turistperioden, tok Ronny Brunvoll til som reiselivssjef for Destinasjon Geiranger-fjordTrollstigen AS. Han skal ha hovudbase i Geiranger.Les meir
Langsæterdagar i blanda vêr
Trass i noko surt vêr laurdag møtte folk opp på Langsæterdagane. Leiar Jonas Falch i Stordal Sogelag seier seg godt nøgd med arrangementet. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 31 torsdag 28. august
Første kull helsefagarbeidarar
Tolv kvinner frå Norddal og to frå Stordal er i full gang med å utdanne seg til helsefagarbeidarar. Eit eittårig intensivt sjølvstudium med undervisning ein dag i veka, gir kompetanse som helsefagarbeidarar. Les meir
Sesongens første samling
I helga var Storfjordlangrenn med 24 unge langrennsløparar på treningssamling i Stordalshallen og Stordal. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 30 torsdag 21. august
Turmarsj i turvêr
Tidleg laurdag morgon kjem sola krypande over fjella, driv dogg og skuggar vekk og gjer klar til ein dag akkurat slik han skal vere når Jordmormarsjen blir arrangert. Les meir
Trusking av korn
Her på indre strøk er det ikkje mange som driv med korn lenger. På Ørskog er det visstnok ein, og i Stordal er det to, Jon Geir Selboskar og Torbjørn Hove, som kvar haust truskar korn. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 29 torsdag 14. august
Populær valldalsbær
Årets jordbærsesong er omme for dei fleste bærdyrkarane. På Valldal Grønt er dei nøgde, for etterspurnaden etter valldalsbæra berre aukar. Les meir
Fiske i Stordalselva
Fisket i Stordalelva ser ut til å verte betre i år enn i fjor. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 28 torsdag 7. august
Olsok med mykje liv og vaffelrøre
Det er sommarsol, yrande folkeliv, sport og kultur på Sylte hamn når langrennsgruppa i Valldal arrangerer Olsokfeiring for 19. gong på rad. Sportskommentator Espen Graff losar oss gjennom dagen. Les meir
Vellukka kulturgyting
Kulturgytinga i Olagarden i Tafjord starta i år på ein torsdag og vart avslutta laurdag. Torsdag var det konsertar i kraftverks-museet, noko som var nytt for året. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 27 onsdag 2. juli
”Nye” stadion opna
Den 13. april i fjor sette maskinene i gang med å fjerne den gamle grasmatta på Kirkebø stadion. Fredag vart stadion i oppussa og renovert stand offisielt opna, med nylagt tartandekke og kunstgrasbane. Les meir
For strenge krav til camping og hytter
Planutvalet har vedteke å leggje arealdelen av kommuneplanen ut på høyring. Etter framlegg frå Viktor Valldal (Tl) gav utvalet uttrykk for at somme av synspunkta til Nordplan er for strenge med omsyn til campingvogner og hyttebygging. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 26 onsdag 25. juni
Bra opningshelg i Stordalselva
Styret i stordal elve-eigarlag melder at fisket i Stordalelva dei første dagane av sesongen har vore godt. Les meir
Bønnesenter i Tafjord
Solbjørg og Per Bjørlykhaug har lenge hatt lyst til å etablere ein stad der folk kan møtast og ta vare på kvarandre. Eit tverrkyrkjeleg samarbeid mellom menneske der Gud kjem først Les meir
Storfjordnytt
Nr. 25 onsdag 18. juni
Opning av kulturbeitet
Med minioperaen “Prinsessa på Selja” opna Kyrkjehola Kulturbeite sesongen i Rosekyrkja søndag. Les meir
Tøybleia på veg heim att
Eit barn brukar 1,5 tonn papirbleier dei to-tre åra det brukar bleier. No tek stadig fleire foreldre i bruk tøybleier både på grunn av miljø og økonomi. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 24 onsdag 11. juni
Vil byggje ut Storelva
Tafjord Kraftproduksjon AS har hatt samtalar med grunneigarar i Stordal. TK vil søkje om fritak frå vernestatus for Storelva og vidare om konsesjon for utbygging av elva i Nørdalen. Les meir
Musikkfestival i solskinn
Det var den femte gongen Stian Omenås arrangerte Omenås Musikkfestival. Fredag og laurdag var restauranten og utescena på Fjellro fylt av musikk i alle sjangrar. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 23 onsdag 4. juni
Gode prognosar for Stordal
Ferske prognosar frå fylkesplankontoret i Møre og Romsdal fylke gir grunn til optimisme for folketalsutviklinga i Stordal. Det er ikkje forventa så positiv utvikling i folketalet for Norddal og Stranda. Les meir
Vurderer heildagsskule
Foreldre i Eidsdal har bede skulen vurdere heildagsskule.
Storfjordnytt
Nr. 22 onsdag 28. mai
Viktig reise til Hellas
Reisa var viktig og vesentleg for å støtte prosjektet til Muritunet, men òg avklarande med tanke på klosterplanane, seier ordførar Bjørn Inge Ruset om turen til Hellas. Les meir
Ryddar rundt grendeskulen
I Stordal har ein del unge på eige initiativ teke til å rydde rundt den gamle grendeskulen på Haggards-haugen i Røysetdalen. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 21 onsdag 21. mai
Nasjonaldag i raudt, kvitt og grønt
Temperaturar under ti grader på føremiddag og regn om ettermiddagen la ein dempar på 17. maifeiringa i år. Les meir
Jemtegaard på Bekkelagshøgda
Gustav Mons Jemtegaard (f. 12.03.1878 d. 10.04.1962) var en av 12 barn på Jemtegaard i Valldal. Gustav måtte, som vanlig var, tidlig flytte hjemmefra og søkte lykken i Oslo hvor han etter hvert fikk jobb som tømmermester. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 20 onsdag 14. mai
Anneks i tolvte time
Det var i tolvte time, men eg garanterer at annekset kjem opp i sommar eller i haust, seier John Kjell Storheim, styreleiar i Storvasshytta hyttelag Les meir
Oppgradering og utvikling
Paktarstova i Norddal er blitt ei stifting med eit styre og ein plan for fram tida. I desse dagar er restaureringsarbeidet i full gang og heile plassen skal få ei oppgradering. Ingvild Hansen Nystad er tilsett som prosjektleiar i 30 prosent stilling i eit år. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 19 onsdag 7. mai
Mange på sykkeltur
I nydeleg vårvêr, om enn med ein liten motvind på veg fram mot Mo, gjekk sykkeltrimmen i regi av allidrettsgruppa i Stordal IL av stabelen 1. mai. Les meir
Innskjerpa reglar for hytter og camping
Ingen hytter i dei brattaste bakkane, ingen campingvogner på høge fundament. Det er nokre av framlegga i den nye arealplanen for Norddal kommune. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 18 onsdag 30. april
Verdiar utan veg
Indre Sunnmøre forsøksring arrangerte skog- og jordbruksdag på Kvamme i Stordal saman med Stordal skogeigarlag sist laurdag. Her fekk ein fagleg påfyll om kulturlandskap, tilskotsmidlar og forsikring i tillegg til demonstrasjon av maskiner og løysingar. Les meir
Nytt bustadfelt i Fjørå
I desse dagar arbeidast det med å klargjere bolegfeltet på Nerhus i Fjørå. Seks tomter er ledige i ei solfylt skråning like ved fjorden. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 17 onsdag 23. april
God start på sesongen
Med så mykje som 5-0 i sin første kamp i 5. divisjon denne sesongen har Stordal fått ein god start. Les meir
Svartfisk i fjorden
Tysdag i førre veke fekk Dagfinn Tafjord i Tafjord ein merkeleg fisk på garn. Veka før vart det fiska same fisken i Eidsdal, begge gjekk i garnet. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 16 onsdag 16. april
Til topps med fele og komp
Sist helg var Valldal spelemannslag med på fylkeskappleiken i Surnadal. Om lag 200 deltakarar frå heile fylket deltok. Thea Marie Ytterdal og søstera Emma Ytterdal gjekk til topps i kvar si klasse i felespel. Spelemannslaget delte førsteplassen i si. Les meir
Korpskafé med gjester
Junior Big Band opna korpskafeen i Stordal søndag med latinske rytmar og klassisk storbandmusikk. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 15 onsdag 9. april
Frå åker til handlekorg
På Valldal Grønt sitt anlegg i Valldal går produksjonen av frosne bær pakka i 400-grams pakkar for fullt. No har frosne kvalitetsbær under merkevaren “Valldal” kome inn i grunnsortimentet til meir enn 200 nye butikkar over heile landet. Les meir
Pensjonistlag i 30 år
Med mange innbydde gjester feira Stordal og Liabygda pensjonistlag sine første 30 år i Grendasalen førre onsdag. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 14 onsdag 2. april
Ein stoppestad ved Eidsvatnet
Det har lenge vore arbeidd med å få lagt eit nasjonalt geitesenter til Kjølsnes i Jølster. Dette vart det ikkje noko av då ein av grunneigararne der ikkje lenger ville vere med. Etter det er arbeidet tatt opp igjen og ny lokalisering vurdert. Aurland og Oldedalen er aktuelle kandidatar og no heilt på tampen har Eidsvatnet i Eidsdal også meldt seg på. Les meir
Lanserer plass for kyrkjeleg aktivitet
I ein uttale til kommunedelplan for Nørdalen kjem Stordal sokneråd med innspel om å setje av plass for kyrkjeleg aktivitet, gjerne eit sports- kapell. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 13 onsdag 26. mars
Mange vinnarar på lagsrennet
61 deltakarar stilte til start på lagsrennet på Løvoll skjærtorsdag. Små og store blei heia fram av ivrige tilskodarar. Les meir
Rekordpåske for Arena Overøye
Trass det noko vekslande veret vi har hatt denne påska kan Arena Overøye melde om bra besøk. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 12 onsdag 19. mars
Oss syng oss trygge og gode
Eit prosjekt som starta i år 2000 har vakse seg til ein tradisjon og eit arrangement som elevar og lærarar ved Valldal skule har all grunn til å vere stolte av. Les meir
Medaljevinnarane heim til jubel
Vegard Busengdal med gull i slalåm og Erika H. Tøsse med bronse i slalåm og super-G vart tekne i mot med flagg-borg og banner, jubel, musikk og godord då dei kom heim til Øvrebust frå Hovudlandsrennet i alpint fredag kveld. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 11 onsdag 12. mars
Oppkok eller ikkje det er spørsmålet
Deltakarane var interesserte, aktive og har godt tak på ølbrygging, men mange var ukjende med moderne metodar, seier Leif Stana som heldt kurset i ølbrygging i Tafjord laurdag. Les meir
Full breiband dekning i Stordal
Breibandsutbygginga i Øvre Stordal er no slutt-ført. Stordal Breiband AS har sidan sommaren 2007 gjennomført utbygging av trådlaust breiband til fastbuande og hytteeigarar i dalane opp mot både Overøye og Ekre. No er dei aktuelle områda ferdig utbygde og Stordal kommune har dermed 100 prosent breibandsdekning for fastbuande og område med regulerte hyttefelt. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 10 onsdag 5. mars
Nybakt norgesmeister feira med kake
Stordal og Sunnmøre fekk i helga sin første norgesmeister i hopp: Tommy Lianes. Les meir
Heidundrande underhaldning
I Liabygda inviterte jentene gutane på skot-årsfest, og stod for ei heidundrande underhaldning. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 09 onsdag 27. februar
Sterk sølvmedalje i jr-NM
At eg skulle verte nummer to, var ei stor overrasking både for meg og alle andre, seier Lars Anders Hoel frå Valldal. Les meir
Å leve med skredfare
I desse dagar får alle innbyggjarar over 18 år i bygdene Tafjord, Fjørå, Geiranger og Hellesylt spørjeskjema kring skredfaren frå Heggura og Åkneset. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 08 onsdag 20. februar
Fem arbeidsplassar går tapt
Frå 1. juli er Norddal kommune endå fem industriarbeidsplassar fattigare. Det er både trasig og vemodig, seier Egil Waldal, som i mai har hatt denne arbeidsplassen i 38 år. Les meir
Omkalfatring både nejafør og andre stader
Eit av høgdepunkta på årsfesten var generalforsamlinga til Placement der stordalingar vart flytta innbyrdes i sentrum, norddalingane vart sende til ei aude øy og ørskogbygdarane vart sende til Nederland.
Les meir
Storfjordnytt
Nr. 07 onsdag 13. februar
Rom med utsikt
Som ein sakte film kan gjestene sjå skiftingane i naturen frå gode stolar i frittståande rom på Juvet landskapshotell. Det er ingen luksus. Det er ikkje prangande, men enkle rom i furu som står som gjester i naturen. Les meir
Markerer 90 år med idrett
Nyttårsdag 1918 vart Stordal IL skipa. Idrettslaget er soleis 90 år i år, og jubilanten planlegg fleire markeringar av jubileet ut gjennom året.
Storfjordnytt
Nr. 06 onsdag 6. februar
Helsesenter til 72 millionar kroner
Viss vi berre tenkjer samlokalisering, blir helsesenteret frykteleg dyrt. Vi må òg tenkje på rekruttering, stabilisering, fagleg oppdatering og utvikling, seier styreleiar Storfjord Helsesenter Espen Remme. Les meir
Stor deltaking på snøshow
Torsdag var det om-reisande arrangementet SnowShow i Arena Overøye, på sin rund-reise til tolv alpinsenter rundt om i Noreg.
Storfjordnytt
Nr. 05 onsdag 30. januar
Prioriterer SjøholtViset på topp
Norddal kommunestyre prioriterer fullføring av rv 650 SjøholtViset (Børdalsvegen) på topp til Nasjonal transport-plan (NTP). Les meir
Kulturmønstringa i frå Norddal og Stordal
Rockegruppa Walking Disaster med låta ”He wasn’t” og Marie Lovise Hoel med måleriet ”Vinternatt” stakk av med publikumsprisen, ein sjekk på 500 kroner kvar, under Ungdommens klulturmønstring på Røde Kors-huset i Eidsdal søndag. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 04 onsdag 23. januar
Norddal på Europa-kartet
På eit gigantisk messe-område vest i Berlin, har det dei siste dagane vorte utkjempa harde kampar om det tyske publikum si merksemd og gunst. Alt tyder på at dei norske aktørane har kome godt frå profileringsjobben sin. Les meir
Må tenkje nytt
Vi ynskjer å bruke minst mogleg tid på uro og heller sjå framover, sa styreleiar i DGT Per Erik Dalen
då han orienterte formannskapet i Norddal førre veke. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 03 onsdag 16. januar
Premiert fotojeger
Vegard Lødøen er ein ivrig naturfotograf og bileta hans får merksemd der dei vert presenterte. Les meir
Mogleg barneverns-tiltak i Norddal
Ei prosjektgruppe arbeider for å få etablert eit barnevernstiltak på prestegarden i Norddal. Målet er å opprette avlasting for fosterheimar og barnvernsinstitusjonar i distriktet. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 02 onsdag 9. januar
Stordalsjenter til topps i Oslo
Med 25 deltakar på slalåmrenn på Stranda laurdag og 26 påmelde på storslalåm same staden søndag i tillegg til to deltakarar på parallellslalåm i Oslo laurdag, kan ein trygt seie at alpin-sesongen er godt i gang for dei aktive alpinistane i Stordal IL. Les meir
Eigedomsselskapet i støypeskeia
Vi er i støypeskeia. Å finne forma kjem til å ta litt tid. Vi har mange oppgåver å ta tak i, seier dagleg leiar Arne Krohn i Norddal Eigedomsselskap KF. Les meir
Storfjordnytt
Nr. 01 fredag 4. januar
Liabygda til topps att
3. juledag var det atter tid for å samlast i Stordalshallen for å treffe både fastbuande og utflytta stordalingar på juleferie, samstundes som ein hadde høvet til å få trimma litt i vennskapelege dyster grendene mellom. Les meir
Ord som fall i fjor
Ikkje alt som skjer, står i avisa. Ikkje alt som står i avisa, skjer. Her er hendingar frå 2007. Les meir
|
|
|