Skirenn i sju pluss |
||||||||
![]() |
Årets første sonerenn gjekk av stabelen på Stavsengfjellt sist laurdag. |
|||||||
|
||||||||
Oali Eide Stavseng legg ut på ein kilometer med friskt mot. |
||||||||
| Det var mildt og fint, men til tider litt sterke vindkast då Stordal IL langrenn kunne registrere mange ivrige løparar i alle klasser i fristil.
I tillegg til skiløparar frå Stordal, Liabygda, Valldal og Eidsdal var det også møtt nokre frå andre bygder. Dei har ikkje fått gå sonerenn i sine soner enno, og ville derfor ta del i rennet på Stavsengfjellet. Som vanleg var det dei yngste og mest talrike klassene som fekk starte først. Dei yngste gjekk ein kilometer, medan løypelengda auka på med alderen. Dei eldste mennene la tilbake så mange som ni kilometer på ski denne laurdagen. Etterpå var det premieutdeling og samling på ungdomshuset i Liabygda. |
||||||||